Les alt om Ungdomsting ved å trykke her. I dokumentet er det mange flotte bilete til å sjå på. Skriv gjerne dokumentet ut og gje vidare til kyrkjelyden og andre interesserte.
Alle mellom 15 og 30 år som ønskjer det, kan vere med på ungdomsting, men det er berre to frå kvar kyrkjelyd eller kristen ungdomsorganisasjon som kan vere delegatar med røysterett. Dette året veksla tinget på å vere på Seilet hotell og i Molde domkirke.
Ungdomsrådet i Møre bispedøme hadde gjort eit godt førearbeid og kunne tilby deltakarane to dagar med variert program: bli-kjent-leikar, workshop, grill ein biskop, positive ting med å arbeide i kyrkja, sosialt, kveldsavslutning med andakt, gudsteneste i domkyrkja og val av nytt ungdomsrådsstyre.
Biskop Ingeborg Midtømme var ein sjølvskriven gjest til tinget, og ho stilte sporty opp under grillinga. Å grille ein biskop betyr at biskopen gjev svar på spørsmål som kjem frå salen. Ungdommen var frimodig, og biskopen ga seg god tid til å svare på alt. Her var det både alvor og glede.