Meld deg på Fagdag diakoni og teologi
Siktemålet med fagdagen er å presentere og diskutere tverrfaglege perspektiv på diakonien, og særlege målgrupper er tilsette i kyrkjelydane og alle som arbeider innanfor diakonifeltet.
Fagdagen blir halden i Volsdalen menighetshus mellom kl. 10.00 - 14.00 21. november er eit samarbeid mellom Møre bispedøme og Nordre Sunnmøre prosti.
Under fagdagen vil Kjell Nordstokke (bildet) først ha ei økt der han girdiakonien teologisk motivering og forankring. Deretter held han eit hovudinnlegg, der han vil snakke om den «profetiske» diakonien. Innlegget har fått tittelen "Djerv diakoni".
– Ofte avgrensar vi diakoni til å handle om eldrearbeid, føremiddagstreff og sjelesorg. Nordstokke er utfordra til å gi oss eit diakonalt innsteg til å tale om skaperverk, om rettferd og om å avskaffe fattigdom, seier Arvid Helle, leiar av kyrkjefag i Møre bispedøme. – Då tenkjer vi ikkje berre på det internasjonale diakoniengasjementet, men på korleis vi kan møte utfordringane som er nær oss og rundt oss kvar dag. Nordstokke er også utfordra på å måle kyrkja sin diakonale innsats på FN sine bærekraftsmål, seier Helle.
Han fortel at kyrkjelydane og andre arbeidslag med diakonale oppgåver er utfordra på å gje respons-innlegg på hovudinnlegget til Nordstokke. Deretter blir det samtale og spørsmål.
Lunsj blir servert i menighetshuset.
Meld deg på Fagdag diakoni og teologi