Faste i ei krisetid

Årets fastetid er blitt ei svært krevjande tid for mange. Pandemien vi no står framfor rammar oss alle, og vi vert oppmoda til å vere med på ein felles dugnad for å begrense smitta. Denne dugnaden utfordrar oss på den delen av fasta som ikkje handlar om fastelavnsbollar, feitetysdag eller å avstå frå feit mat eller sjokolade - nemleg refleksjon, skriv biskop Ingeborg Midttømme.

Salme 5: Høyr mitt rop om hjelp, min konge og min Gud, for eg bed deg»

I kronikkar i fleire aviser har biskopen delt tankar kring fastetida i år, og ho skriv m.a. dette:

Hente fram styrke i bøn og ord

Når ein ser på den lange historia, så har både vårt folk og andre nasjonar opplevd store og langvarige kriser. Det er i krisetider at folk har samla seg i bøn og kjent på fellesskapen og styrken som ligg i det. Nokon i landet vårt har minne frå andre verdskrigen og veit kva kyrkja betydde for dei då, anten dei kunne vere fysiske tilstades eller ikkje. Nokon hugsar også betydninga av bibelvers og salmevers som dei kunne utanat. Desse orda som ein har funne trøyst i kan ein hente fram og lese om att.

Andre møtestader

No som alle gudsetenestene er avlyste rundt om i kyrkjene, må kyrkja vere til stade på andre måter. Då kan den digitale plattformen vere til hjelp. Vi som kyrkje må lage andre møtestader og vi må oppmode folk til å finne desse. For nokon kan det vere uvant å ta i bruk det digitale og heller ikkje kan alle ta det i bruk. Då er det viktig å bruke telefonen. I ein telefonsamtale kan ein både le og be. Begge deler kan gjere godt når vi er i ein krisesituasjon.

Rette blikket utover

I ei tid der vår eigen sårbarheit vert synleggjort er det viktig å hugse på at fastetida også er ei tid for å rette blikket utover og kjempe for rettferd og vår neste. I fastetida utfordrast vi til å reflektere over oss sjølv, våre val og over den verda vi lever i. Her er det mykje inspirasjon i profeten Jesaja sine ord om fasta: «Nei, dette er fasta eg har valt: å løyse urettferdige lenkjer, sprengje banda i åket, setje undertrykte fri og bryte kvart åk i stykke, å dele ditt brød med svoltne og la hjelpelause og heimlause kome i hus. Du skal sjå til den nakne og kle han, du skal ikkje snu ryggen til dine eigne” (Jes 58,5–7).

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon

Jesaja snakkar her om ei utadvendt, aktiv faste. Slik vert også fasta ei tid for å kjempe for rettferd og for å ta vare på vår neste. Mange norske kyrkjelydar vel kvart år å la nettopp dette kome til uttrykk gjennom Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Dei nyttar delar av konfirmasjonstida til å lære om nokre av dei grunnleggande årsakane til fattigdom og konflikt, og korleis beslutningstakarar i Noreg bidreg til å gjere verda meir rettferdig.

Dugnaden vi alle blir bedne om å vere med på har årets fasteaksjon teke på alvor og pengane blir ikkje samla inn dør til dør, men digitalt. I tillegg til å vere med på den nasjonale dugnaden, er vi også med på den globale dugnaden for å avgrense spreiinga av COVID-19 i dei mest sårbare landa. Reint vatn og god hygiene er livsviktig for å førebyggje vidare spreiing av viruset og for å hjelpe dei som allereie er ramma. Pengane som samlast inn i fasteaksjonen går til å hjelpe dei mest sårbare i område med svake helsesystem og dårlege sanitære forhold.

I år handlar aksjonen også om ei anna krise, nemleg å gje reint vatn til menneske som kjenner klimaendringane på kroppen. Medan vi her heime uroar oss for ein snøfattig vinter, og klimadebatten rasar på mange frontar, opplever millionar av verdas fattigaste livsfarlege konsekvensar av klimaendringane. Tørke og flaum øydelegg livsgrunnlaget til folk og tvingar stadig fleire på flukt. Avlingar blir øydelagde og skaper enorm matmangel. Tilgangen til reint vann blir truga. Det hastar å handle. Det er for lengst på tide å rette blikket utover.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"