Fellesskap i trua på tvers av landegrensene

Kva rolle har religionar og livssyn som leverandør for ei berekraftig utvikling?

Erkebiskop Antje Jackelen, Svenska kyrkjan, saman med biskop Ingeborg Midttømme, Møre bispedøme. Bilete: Møre bispedøme

Det var hovudspørsmålet då universitets- og høgskulemiljøa i regionen var vertskap for ein internasjonal forskingskonferanse om religion og berekraft.

Det Europeiske forskingsfellesskapet for naturvitskap og teologi (ESSSAT) hadde sin internasjonale forskingskonferanse i Ålesund 4. til 8. mai. ESSSAT er eit internasjonalt forskingsfellesskap som setjar samspelet mellom teologi og vitskap på agendaen. Temaet på årets konferanse var Global Sustainability- Science and Religion in Dialogue, og det blei diskutert kva rolle religionar kan spele i ei berekraftig samfunnsutvikling.

140 av verda sine fremste forskarar på feltet deltok, det same gjorde fleire prestar og religiøse leiarar. Mellom anna var 13 svenske biskopar, inkludert erkebiskop Antje Jackelén, til stades.   

ESSSAT-konferansen blir kvar gong avslutta med økumenisk gudsteneste, og i år vart det open økumenisk gudsteneste i Ålesund kyrkje laurdag 7. mai. Biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, leia gudstenesta, saman med erkebiskop Jackelén frå Svenska kyrkja og Michael Fuller frå Church of Scotland.

Det var ei fin gudsteneste og ein flott avslutning på konferansen, som viste samhøyr og fellesskap i trua på tvers av landegrenser. Erkebiskop Antje Jeckelen haldt ei sterk og tankevekkande preike over «den kanaaneiske kvinnen» Matt. 15, 21- 28 og hennar insisterande og sterke tru «på tross». Erkebiskopen utfordra at vi i vår kamp mot klimaendringer måtte følge Den kanaaneiske kvinna sitt eksempel.

I 2019 vedtok Svenska kyrkan ein «Färdplan för klimatet» med mål om å bli klimanøytrale innan 2030. Kyrkjemøtet i Noreg vedtok same mål i fjor. Handlingsplanen 2022–2024 har då også fått tittelen «Meir himmel på ei trua jord».

 

 

Bilete på trappa framfor Ålesund kyrkje, som viser dei som aktivt deltok i gudstenesta (frå venstre til høgre);
1.rad:
Rev. Dr. Michael Fuller, Storbritannia
Biskop Ingeborg Midttømme, Møre bispedømme
Erkebiskop Antje Jackelen, Svenska kyrkjan
Joanna Leidenhag, Storbritannia
2.rad:
Fabian Revol, Frankrike
Mark Harris, Storbritannia
Fredrik Lide, Sverige
Hubert Meisinger, Tyskland
Kurt- Willy Sæther, Norge
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"