Som ein konsekvens av dei nasjonale bestemmingane blir også alle andre arrangement i kyrkjene avlyste i denne perioden.
Der det er avtalt dåp vil presten ta kontakt med dåpsfamiliane om dåpshandling i kyrkja for den einskilde, der berre foreldre, søsken og fadrar er til stades.
- Dette er svært inngripande tiltak i nasjonens liv, og kyrkja stiller seg heilt og fullt bak den nasjonale dugnaden for å dempe smittefaren, seier biskop Ingeborg Midttømme.
Biskopen oppmodar alle om å stå saman i bøn: ”Lat oss stå saman i bøn for alle som har leiaransvar mellom oss, for alle som er urolege og redde, og særleg for dei mest utsette av oss - om vern mot alvorleg sjukdom.