I samband med Haugejubileet arrangerer Møre bispedøme og Molde domkirke eit seminar med tittelen «Predikanten som endra Noreg». Hans Nielsen Hauge og Hauge-rørsla har på mange måtar prega vår del av landet innanfor religion, samfunn, økonomi, menneskesyn og politikk, og kunnskap om Hans Nielsen Hauge gir innsikt i vår eigen tradisjon, kultur og identitet. Til seminaret i Molde domkirke har vi invitert tre Hauge-kjennarar med regional tilknyting for å dele sin kunnskap om denne ekstraordinære personen.
Kjell Magne Bondevik, leiar av nasjonal komité for Hauge-jubileet:
«Hans Nielsen Hauge som forbilde og inspirator»
Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved NHH i Bergen:
«Reformatoren Hans Nielsen Hauge»
Edvard Hoem, forfattar:
«Hans Nielsen Hauge: Eit nytt menneskesyn med politisk sprengkraft»
Biskop Ingeborg Midttømme leiar seminaret
Musikk ved folkemusikar Britt Elise Skram
Opptaket av seminaret er tilgjengeleg til søndag 20. juni kl 20. på Møre bispedøme sine Facebook-sider.