Bispedømmerådet 2020 – 2024 får denne samansetjinga:
Nominasjonskomiteens liste sine representantar:
Ann-Kristin Sørvik, f. 1957, varaordfører, Averøy
Frode Rabbevåg, f. 1959, daglig leder, Molde
Rikke Elisabeth Grevstad Kopperstad, f. 1960, lærer, Fosnavåg
Åpen folkekirke sine representantar:
Therese Kristin Utgård, f. 1979, lege, Sykkylven
Ole Martin Grevstad, f. 1970, personalsjef, Ulsteinvik
Olav Myklebust, f. 1969, lokalhistorikar, Gursken
Bønnelista sin representant:
Monika Tettli, f. 1964, ansatt Buf-etat, Valldal
Representant for prestane:
Arne Moltubak, sokneprest Ørsta
Lek kyrkjeleg tilsett representant:
Olav Rønneberg, kateket Storfjorden
Ingeborg Midttømme, biskop
Medlemene i bispedømerådet møter også i det årlege Kyrkjemøtet, som i 2020 blir 22. – 27. april i Trondheim.
Varamedlemer:
Elias Nikolai Øyehaug Opsvik (1. vara Nominasjonskomiteens liste)
Hilde Jorun Lerheim (2. vara Nominasjonskomiteens liste)
Geir Henriksen (3. vara Nominasjonskomiteens liste)
Kjetil Tore Fjalestad (4. vara Nominasjonskomiteens liste)
Evy Sisilie Bergum (1. vara Åpen folkekirke)
Margaret Sivertsen Mørk (2. vara Åpen folkekirke)
Maren Elgsaas Alnæs (3. vara Åpen folkekirke)
Elise Vik Nordbrønd (4. vara Åpen folkekirke)
Johan Gjendemsjø (1. vara Bønnelista)
Kirsti Jorid Slåttelid (2. vara Bønnelista)
Tormod Remøy (1. vara for prestane)
Grethe Lystad Johnsen (2. vara for prestane)
Anna Myklebust (1. vara for lek kyrkjeleg tilsett representant)
Mildrid Fiske (2. vara for lek kyrkjeleg tilsett representant)
VALRÅD: Valrådet ved bispedømerådsvalet i Møre i arbeid med godkjenning av valet saman med valteamet i bispedømerådet.
– Kyrkjevalet 2019 har gått bra for Møre bispedøme sin del, oppsummerer valansvarleg Arvid Helle. Den totale oppslutninga var på 15,1 prosent av dei røysteføre (ca. 24800 stemmer), noko som er ned eit par prosent frå rekordvalet i 2015, men er over nivået frå kyrkjevalet i 2011.
Ved bispedømmerådsvalet røysta om lag 13 prosent av dei røysteføre, eit stemmetal på ca. 21080.
Oppteljinga viser at røystene vart fordelt slik:
Åpen folkekirke: 9395 røyster
Nominasjonskomiteens liste: 8380 røyster
Bønnelista: 2761 røyster
Valrådet hadde møte 18. september, og godkjende det endelege valresultatet. Det var ikkje kome inn nokon klager på valet då fristen gjekk ut.
GODKJENNING: Valrådet i Møre bispedøme kom 18. september saman for vurdering og godkjenning av valet. Frå v. Jan Egil Korseberg (leder), Maritta B. Ohrstrand, Ester Walgermo, Mildrid Fiske.
Kontaktperson:
Arvid Helle, mobil 412 16 956