I Møre bispedømme er det 10 mellomalderkyrkjer, som alle kan ligge godt an til å få midlar.
Dei neste åra skal det årleg gå rundt 500 millionar kroner til istandsetjing og vedlikehald av kyrkjebygg. Totalt er det snakk om rundt 10 milliardar kroner. Regjeringa presenterte i februar strategien for kyrkjebevaringsprogrammet.
I revidert nasjonalbudsjett for 2024 set regjeringa av 100 millionar kroner til formålet.
– Kyrkjene er viktige signalbygg i lokalsamfunnet, og det hastar med å kome i gang med kyrkjebevaringsprogrammet. Sekretariatet er under etablering og snart klare til å ta i mot søknader om kyrkjebevaring frå kyrkjeeigarane. Dei hundre millionane vil i år gå til prosjekt som allereie er klare eller ulike forprosjekt.
Det seier Den norske kyrkja sin leiande biskop, Olav Fykse Tveit. Han er styreleiar for kyrkjebevaringsprogrammet. I styret sit også representantar frå Kyrkjerådet, Hovudorganisasjonen KA og Riksantikvaren.
Bevaringsprogrammet handlar ikkje berre om vedlikehald, men også om formidling, understrekar Fykse Tveit:
– Kyrkjebygga er viktige formidlarar av vår historie og kulturarv, både lokalt og nasjonalt. Dei representerer dei lange linjene i samfunnet, og det må vi formidle til nye generasjonar. Gjennom vedlikehald, bruk og formidling vil interessa for bygget auke. Det kan igjen gje betre kunnskap og forståing for kvarandre – og eit enda større ønske om bevaring.
Fykse Tveit meiner kyrkjebevaringsprogrammet er viktig i lys av Moster-jubileet i år:
– Kyrkjene er formidlarar av den gode bodskapen i evangeliet og om alle menneske sitt likeverd. Kyrkjebevaringsprogrammet blir difor eit viktig program – også i lys av den komande feiringa av kristenretten 1000 år på Moster.
Revidert nasjonalbudsjett for 2024 gjer ingen endringar i Den norske kyrkja sitt rammetilskot, men inneheld orientering om avtale mellom staten og kyrkja om deling av Opplysningsvesenets fond (OVF). Les meir her.