I Heilag-Olav sine fotspor langs Valldalsleia

I skikkeleg vestlandsvær vandra ei gruppe på 13 pilegrimar tidlegare i august i Heilag-Olav sine fotspor langs Valldalsleia.

I Heilag-Olav sine fotspor langs Valldalsleia

Les meir om pilegrimsvandringa

Turen starta med kveldsbøn i Valldal kyrkje. Deretter gjekk turen opp opp gjennom dalen, forbi Olavskjelda på Alstad, gjennom Skjersura og fram til Grønningsæter.Vidare i regnver og skodde 850 m opp i Tafjordfjella og forbi Illstigvatnet fra mtil Vakkerstøylen. Turen enda i Brøstdalen i Rauma. Store naturopplevingar, tid til samtaler undervegs og refleksjon på eiga hand!

– Pilegrimsturen er ikkje berre ei vandring langs ein historisk sti, den er også ei vandring som ein kan spegla sitt indre liv i og ein plass kor ein får høve til å søke Gud gjennom både den indre og den ytre vandringa, seier misjonsrådgivar Ole Kristian Nordmark Due i Møre bispedøme.

– Nokre stader var vegen vakker og lett å gå. Andre stader var det bratt og sekken vart berre tyngre og tyngre. Og så, attpåtil, begynte det å regne. Kjensla av å ha morgonbøn kor vi lovsyng Guds skaparverk, i ausande regn nett etter at vi kom over kammen opp mot Tjønnebu, var unik.  Å hjelpe kvarandre forbi på den utfordrandre stigen ved Illstigvatnet, eller leite etter kvar det vart av stigen etterpå, seier oss noko om samhald og samarbeid og at ein kan klare utfordringar ein kanskje ikkje elles ville våge å gjere åleine.

– Å sitte og ete varm lapskaus på Vakkerstøylen og tørke opp etter å ha gått i timevis i ausande regn, det å vakne opp til ein strålande dag etterpå (trass i dårleg vêrvarsel) og å kome fram til Bjorliheimen og feire gudsteneste dagen etterpå – alt dette gjev eit perspektiv på det å vandre med Gud også i kvardagslivet. Dette er eit perspektiv berre ei pilegrimsvandring kan gje, seier Due.

Det norsk misjonsselskap i samarbeid med Møre bispedømeråd var arrangør for pilegrimsvandringa.

Les meir om pilegrimsvandringa

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"