Stiftsdagane i Møre samlar kyrkjelig tilsette i heile bispedømet. Gjennom konsert, gudsteneste, foredrag, festmiddag og uformelle møte er siktemålet at dagane skal vere eit løft og ein inspirasjon i tenesta. Gjennomgangstema er Nåde.
Mellom deltakarane er den lutherske biskopen dr. Fabiny Tamaz, frå Møre sitt vennskapsbispedøme; Nordre bispedøme i Ungarn.
Flyktningsituasjonen
Paneldebatten onsdag har tema "Sendt til verda – norsk kyrkje og misjon i møte med flyktningar". I panelet sit:
- Berit Hagen Agøy, generalsekretær i Mellomkirkelig råd for DnK
- Hans Aage Gravås, generalsekretær i Stefanusalliansen
- Jeffrey Huseby, generalsekretær i NMS
- Ingeborg Midttømme, biskop i Møre
- Reidar Andestad, Kristent interkulturelt arbeid, Møre
Respondent er Dr. Fabiny Tamaz, biskop i Evangelical Lutheran Church in Hungary.
Under dei valfrie seminara torsdag 9. juni kan ein velje mellom:
- «Finne livets perle». Redaktør og forfattar Asle Finnseth
- «Nåde i populærkulturen» Prest og høgskulelektor Kjartan Leer Salvesen, og høgskulelektor Ralph Meier.
- «Understanding and Bible translation – experiences and challenges from Madagascar». Bibeloversetter Leoni Bouwer.
Det heile blir avslutta med gudsteneste i Molde domkirke torsdag 9. juni.
Påmeldingsfrist: 5. mai - NB: etter det vert det lagt til 200,- på deltakaravgifta
Endeleg og bindande påmeldingsfrist: 25. mai
All informasjon om påmelding, prisar, deltakaravgift og overnatting, parkering osv:
Sjå det fyldige programmet og få praktisk informasjon
Les meir og meld deg på: