Klart for lokalhistorisk reformasjonsdag i Bud

"Frå heidendom til kristendom", "Reformasjonens betydning lokalt" og "Arven etter Hans Nielsen Hauge" er nokre tema under reformasjonsjubileumsdagen i Bud kyrkje og Bud museum 23. september.

Bud kyrkje frå 1717 er i seg sjølv eit synleg uttrykk for reformasjonen, og ein høveleg møtestad for reformasjonsfesten. Her vil Edvard Hoem snakke om arven frå Luther til Hauge, og kvelden blir innramma av musikk.

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad, litteraturprofessor Arne Apelseth, økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten og førstekonservator Mads Langnes er mellom foredragshaldarane under delen i Bud museum. Seminaret har fått tittelen "Reformasjonen - det store skiljet i kristenliv og samfunn".

  

Foredragshaldarar under seminaret "Reformasjonen - det store skiljet i kristenliv og samfunn":
Frå v.: fylkeskonservator Bjørn Ringstad, førstekonservator Mads Langnes, litteraturprofessor Arne Apelseth, økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten og generalsekretær Heidi Westborg Steel.


Fylkeskonservator Bjørn Ringstad tek føre seg det historiske og kulturhistoriske utgangspunktet for reformasjonen i vårt område under foredraget «Den eldste busetnaden. Frå heidendom til kristendom». Førstekonservator ved Romsdalsmuseet, Mads Langnes ser på «Reformasjonens betydning lokalt og regionalt», medan språk- og litteraturprofessor Arne Apelseth ved Høgskulen i Volda vil snakke om «Å forme den protestantiske lesaren».

Professor i økonomisk historie ved NHH i Bergen, Ola Honningdal Grytten set søkelyset på «Arven etter Hans Nielsen Hauge: sosial, politisk, økonomisk og religiøs reformasjon», medan generalsekretær Himalpartner, Heidi Westborg Steel tek føre seg «Entreprenørskap som misjonsstrategi». Biskop Ingeborg Midttømme oppsummerer seminaret.

– Reformasjonen førte med seg viktige endringar i kyrkjeliv og samfunnsliv. Katekismeundervisinga ga mynde til folket og gjorde tydeleg at trua er ei gåve. Morsmålet, eller hjartespråket, vart teken i bruk i gudstenesta og bibelordet opna seg. Salmesongen ga felles svar på ordet ein høyrde. Denne trusarven frå Luther finn gjenklang og nye uttrykk i vår tid og vert formidla vidare til nye generasjonar saman med det som er velkjent og brukt i tiår etter etter tiår, seier biskop Ingeborg.


Reformasjonsfest
Om kvelden blir det reformasjonsfest i Bud kyrkje, der forfattaren Edvard Hoem held foredrag under tittelen "Frå Luther til Hauge - kristenliv og samfunn i Noreg". Det blir også "Gjenklang fra Veøy"; konsert med Daniel Herskedal, Møremusikarane, Beate Mordal og Gule blandakor. 

      

  Beate Mordal og Daniel Herskedal er mellom musikarane som medverkar under reformasjonsfesten
  i Bud kyrkje. Forfattaren Edvard Hoem held foredrag under tittelen "Frå Luther til Hauge - kristenliv og samfunn i Noreg" 

– Vi håper og trur dette arrangementet er interessant for svært mange. Temaa som blir løfta fram rører ved lokalhistoriske røter som har djupt feste i menneska her - og eg trur både innleiarane under seminaret så vel som musikarane under reformasjonsfesten vil slå an strenger som gir gjenklang hos mange, seier leiar for avdeling kyrkjeliv i Møre bispedøme, Arvid Helle.

 

Prisar:
Seminaret: 100,-
Festkveld: 200,-
250,- for heile dagen

Møre bispedøme, Møre og Romsdal fylkeskommune og Bud sokneråd samarbeider om arrangementet i Bud.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"