Forankringsreise langs Kystpilegrimsleia 24.-30. august

24. – 30. august blir det arrangert ei forankringsreise som besøkjer nøkkelstadane langs Kystpilegrimsleia i Møre og Romsdal og Trøndelag, til saman 11 stader.

Forankringsreise langs Kystpilegrimsleia 24.-30. august

Program for forankringsreisa

Dei siste åra har det vore arbeidd med å etablere ei kystpilegrimslei frå Egersund til Trondheim. Kystpilegrimsleia ble offisielt opna i 2018, med 26 nøkkelstader i fylka Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Nøkkelstadene i Møre og Romsdal er Herøy gamle kyrkjestad, Borgund, Giske, Veøy/Molde, Kvernes og Edøy/Smøla.

1. juni i år blei det opna eit regionalt pilegrimssenter på Smøla som har som oppgåve å legge til rette for pilegrimar, næringsliv, organisasjonar og interessentar ved nøkkelstadene i Møre og Romsdal og Trøndelag. 

Forankringsreisa som blir arrangert 24.-30. august, besøkjer 11 nøkkelstadar langs Kystpilegrimsleia i desse to fylka. Målet med reisa er å synleggjere Kystpilegrimsleia, og gjere dei som er dei som er engasjert i, og har interesse for arbeidet med Kystpilegrimsleia betre kjent med dei ulike nøkkelstadane. Regionalt pilegrimssenter på Smøla og Pilegrimsgarden i Trondheim er arrangør for reisa.

                    

Kystpilegrimsleia er ei av i alt 9 pilegrimsleder i Noreg. Gudbrandsdalsleden mellom Oslo og Trondheim og St. Olavsleden frå Sverige til Trondheim er i dag dei mest brukte ledene med ca 95 prosent av trafikken. No er målet at Kystpilegrimsleia skal kome opp på same nivå. Konseptet med Kystpilegrimsleia er utvikla i eit samarbeid mellom nasjonale, regionale og lokale aktørar. Fylkeskommunane og bispedøma langs leia har drive arbeidet, støtta av Riksantikvaren.

I pilegrimssamanheng er Kystpilegrimsleia eit unikt tilbod i Europa sidan mykje av reisa vil gå sjøvegen. Tilbodet som har vore for pilegrimsvandring til no har gått langs veg. Kystpilegrimsleia opnar også moglegheiter til pilegrimsreiser for folk som ikkje så lett kan gå lange strekningar langs veg. Kombinasjonen mellom historiske stader med religiøs tilknyting og den fantastiske naturen langs kysten gjer at mange har forventningar til at Kystpilegrimsleia kan bli eit attraktivt tilbod for mange.

 

Program for forankringsreisa

Eit naturleg møtepunkt for kystpilegrimar

Pilegrimsvandring gjennom Nordmøre

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"