Møre bispedøme i samarbeid med Borgund sokn sender denne våren ut tilbod til kyrkjelydane i heile bispedømmet, om ein kombinert konsert- og foredragsturné i mars.
Utgangspunktet for turneen er forfattarskapen til Lina Sandell (1832-1903) og det dramatiske livet ho levde, i ei tid med store endringar, både i samfunn og religiøst liv.
Salmane til Lina Sandell er kjent for mange. «Blott en dag», «Ingen er så trygg i fare», «Bred dina vida vingar», «Modersvingen», med fleire, er songar som har fått stor utbreiing og som stadig blir brukt i heile Norden.
Forfattar Marit O. Kaldhol vil i foredraget sjå nærare på oppvekst, vaksenliv og dominerande retningar i tida som påverka Lina Sandell, i tillegg til skilsetjande hendingar i diktarens private liv.
Spørsmål som blir undersøkte, er: Kva gjorde tekstane så slitesterke? Kva var årsak til at tekstane blei utsette for sensur? Var Lina Sandell pietist eller feminist?
Pianist og komponist Bjørnar Myhr har musikalsk ansvar for prosjektet. Med seg til å framføre musikken har han Hallvard Braaten Steinhovden, cello, og Stephanie Lippert, vokal, som syng dei svenske originaltekstane.
Bjørnar Myhr.
Framføringar:
Borgund kyrkje: søndag 13. mars
Myrbostad kyrkje: onsdag 16. mars
Ulsteinvik kyrkje: torsdag 17. mars
Vestnes kyrkje: fredag 18. mars
Tingvoll kyrkje: onsdag 23. mars