Møre bispedømeråd drøftar sju høyringssvar

Heile sju høyringssvar til kyrkjerådet er til handsaming når bispedømerådet kjem saman til møte måndag 2. november. Rådet skal også drøfte ekstra tildeling av tilskot 2020 samt budsjett og årsplan 2021.

Møre bispedømeråd drøftar sju høyringssvar

Sjå alle sakene til bispedømerådsmøtet 2. november 2020

Under rådsmøtet skal desse høyringane frå kyrkjerådet drøftast:

- Endringer i kirkeordningen og enkelte andre regler
- Kvalifikasjonskrav for kyrkjelege stillingar
- Kyrkjeval - overordna problemstillingar

- Valordning for val av prest og lek kyrkjeleg tilsett
- Særskilde reglar for digital førehandsrøysting ved kyrkjevalet
- Langtidsutleige av kyrkjer
- Fjernmøter og skriftlig saksbehandling i kirkelige rådsorganer

Bispedømmerådet skal også ta avgjerd om ekstra tildeling av tilskot til kateket- og diakonstillingar 2020. Møre bispedømme står i 2020 med eit samla mindreforbruk på nærare 2,5 mill. for stillingar innan diakoni, undervisning og til kyrkjemusikk i domkyrkja. I denne omgang blir det foreslått å dele ut eit utjamnande eingongstilskot til fellesråda, for å kompensere for skeiv fordeling av tilskota.

Rådet skal vidare ta stilling til framlegg om endring av namn i Molde sokn: Kyrkjerådet har teke initiativ til å justere namn på domkyrkjesokna slik at ein får likelydande namnetradisjon på sokn, kyrkjelyd og på sokneråd i dei 11 sokna der domkyrkja er soknekyrkje. Framlegget går på at Molde sokn blir endra til Molde domkirke sokn. Namnet på Molde menighet og Molde menighetsråd blir foreslått endra til: Molde domkirke menighet og Molde domkirke menighetsråd.

Mellom andre saker i bispedømerådet er:

- Budsjett og årsplan 2021 - overordna styringssignal
- Sluttføring av Enøkprosjektet

Møtet i bispedømeråd tek til måndag 2. november kl. 10 i Møre bispedømeråd sine lokale i Molde. Møtet er ope for alle.

Sjå alle sakene til bispedømerådsmøtet 2. november 2020

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"