Dei nynorske salmane er ein viktig del av vår salmeskatt og mange av dei mest kjende nynorske salmediktarane har sine røter frå vårt område. Med bakgrunn i dette har Møre bispedøme og Nynorsk kultursentrum tatt initiativ til å feire den nynorske salmetradisjonen med ein konsertturne i bispedømet. Det blir konsertar i fem kyrkjer i Møre bispedømme. Konserten vil innehalde eit breitt spekter av salmar frå den nynorske salmeskatten, framført av dei dyktige kunstnarane. Fellessong blir også ein viktig del av konserten.
Det blir salmekonsert i desse kyrkjene:
- Borgund kyrkje, søndag 22. september
- Grytten kyrkje, måndag 23. september
- Ulstein kyrkje, torsdag 26. september
- Tingvoll kyrkje, fredag 27. september
- Vatne kyrkje, Laurdag 28. september
I år feirar Noreg "Boka sitt år", 500 år etter at erkebiskop i Nidaros Erik Walkendorf fekk tinga to liturgiske bøker i 1519. Dette jubileet fell same året som det er 150 år sidan det første nynorske salmeheftet «Nokre Salmar, gamle og nye» blei gitt ut. Mannen bak heftet var Elias Blix. Han sprengte rommet for kva språk offentlege religiøse tekstar kunne skrivast på, og no 150 år etter er det som ein gong var kontroversielt ein sjølvsagt del av dei norske kyrkjeromma. Dette får vi høyre meir om under konsertturneen.
Magne Fremmerlid har i mange år vore tilknytta solistensemblet ved Den Norske Opera og Ballett i Oslo, og har hausta strålande kritikkar både i Noreg og frå operascener i Europa.
Bjørnar Myhr er pianist, komponist, arrangør og kapellmeister. Han er Møremusikar i Møre og Romsdal fylkeskommune og har ein variert karriere som pedagog, solist, kammermusikar, akkompagnatør og komponist.
Gaute Øvereng er administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum.
Konsertane er støtta av Møre bispedømmeråd, Bokåret 2019, Møremusikarordninga i Møre og Romsdal fylke og Nynorsk kultursentrum.