Sjå video og fotos frå jubileumsmarkeringa på Møre bispedøme si Facebook-side
Moldejazz, Bjørnsonfestivalen, Teatret Vårt, kulturskulen, Spjelkavik kyrkjekor og forfattaren Marit Kaldhol var nokre av dei medverkande under den mangfaldige kulturkvelden i Molde domkirke. Der fekk forsamlinga også vere med på å syngje Blix-salmen "Med Jesus vil eg fara" til tre av dei salmetonane som gjennom tidene har vore brukt til denne salmen her i området.
Spjelkavik kyrkjekor under dirigent Ola Eide deltok med songar fra musikkspelet «Sommerens Maria».
Tidlegare på dagen var det foredrag og panelsamtale kring temaet ´Kyrkja sitt samfunnsansvar´. Bispedømerådsleiar Ann- Kristin Sørvik viste til at Møre bispedøme sit med Noregs dåpsattest og at åndsarven i Møre bispedømme kjem frå dei eldste og viktigaste røtene for kristen tru her i landet.
Professor Jørn Ø. Sunde ved Universitetet i Bergen tok føre seg kyrkja si rolle i ulike tidsepokar i norsk historie, peika på hendingar og utviklingstrekk og korleis omsorg for nesten har vore eit vedvarande trekk ved det kyrkjelege engasjementet. Han meinte at denne omsorga for medmenneske - nesten - er ei stor utfordring for kyrkja i vår teknologiserte og de-personifiserande tidsalder.
Panelsamtale
Under panelsamtalen kom innleiarane inn på omgrepet ´utanforskap´; kva dette inneber i dag og korleis kyrkja kan vere ei relevant stemme og ein aktiv deltakar i omsorga for alle.
Salmetonar
Ved visse tider under jubileumsdagen spela saksofonisten Tore Ljøkjel (bildet) salmetonar, frå kyrkjetårnet og inne i domkyrkja. Deltakarane kunne også sjå utstillinga Momento Mori i det gamle kapellet på Nedre kirkegård, og bli betre kjent med arbeida til biletkunstnaren Kalla Skrøvseth frå Surnadal, som arbeidde under mottoet "Av Guds nåde, til Guds ære".
Sjå video og fotos frå jubileumsmarkeringa på Møre bispedøme si Facebook-side