Naturen sin katedral

Sundag var det friluftsgudsteneste på kyrkjetomta i Åndalsnes sentrum.

Bilete: Privat

Kommunen med dei mange kyrkjebygg, har ikkje kyrkje i kommunesentrum i Åndalsnes, før no! Kyrkjetomta har lege der, og kyrkjeforeininga har arbeidd lenge og trufast for å realisere Åndalsnes kyrkje. No er eit viktig byggesteg realisert. På kyrkjetomta er reist alter og kors. I tillegg er kyrkjebenkene på plass og på denne måten er det viktigaste på plass for å invitere til «Åndalsnes kirke».

Bilete: Privat

Kommunen, som har «Verdens beste kommune for naturglade mennesker» som visjon, har vegger i verdsklasse og himmel som tak. I cortenstål, lerk og i rustfritt stål reiser kyrkjerommet sine mest vesentlege element seg. Nærværande, sentralt og samstemt med omgjevnadane  er Åndalsnes kyrkje etablert, ope og tilgjengeleg for alle.

Her kan ein gifte seg, her kan ein feire gudsteneste, eller berre ha ei stille stund,  Åndalsnes kyrkje er på plass og teken i bruk!

Sokneprest Tor Martin Koppang, saman med organist Yuliya Johnson, leia gudstenesta denne fine sundagsettermiddagen. Ei av bønene i forbøna for dagen lydde slik:

«Vi ber for alteret og korset på kirketomta som samler oss til bønn og lovsang. Vi ber at dette stedet kan fortsette å være et hellig sted i Åndalsnes. Vi ber for dem som samles til gudstjeneste her, de som går forbi på sin daglige tur, turistene og de tilreisende som finner frem til dette stedet. Skap tro og bygg deg et hellig folk av alle folk og tungemål som tilber og priser deg for alle dine velgjerninger.»

Så vil tida vise om det er grunnlag for å byggje vidare på kyrkja. «Åndalsnes Kyrkje» er på plass, men ingen veit enno om katedralen får andre vegger eller vanntett tak.

Sokneprest Tor Martin Koppang, saman med organist Yuliya Johnson, leia gudstenesta. Bilete: Privat

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"