Mark skal etterfølgja Mark Tanner, som no er blitt biskop i Chester, lenger vest i Nord-England. Biskopen i Berwick er assisterande biskop til biskopen i Newcastle, Christine Hardman. Ho seier ho er glad for at Mark Wroe har tatt imot stillinga, ettersom han er svært godt kjend der, etter 13 år i ulike stillingar i bispedømet. Han er også fødd og oppvaksen i regionen.
Mark Wroe har vore prost i det sentrale Newcastle og er no «archdeacon» i Northumberland, ein overordna stilling i bispedømet. Han seier sjølv at det er eit stort privilegium å bli kalla til biskop i Berwick og tena Gud i lag med biskop Christine i Newcastle bispedøme.
Det er ei utfordrande tid for kyrkja no, og han ser fram til å møta desse utfordringane saman med resten av bispedømet: «Men eg veit det vil berre vera mogleg med full visse om at kvar einaste ein av oss er elska, kalla og sendt av Gud,» seier han.
Mark kjem til å bli vigsla til biskop tidleg neste år av erkebiskopen i York, Stephen Cottrell. Møre bispedøme ønskjer Guds signing over tenesta hans og over venskapsbispedømet vårt.
Video: biskop Christine presenterer den nye biskopen av Berwick