Open kyrkjehelg i Tingvoll sokn

Frå taco og kyrkjepuslespel, tidebøn og stilletid til konsert og nattkino. Den 13.- 15. september ønskjer Tingvoll sokn velkomen til Open kyrkjehelg.

Sokneprest i Straumsnes og Tingvoll sokn, Toril Stendahl, med eit av puslespela med Tingvoll-motiv. I kyrkja kan du prøve deg på eit 2000-bitars puslespel! Bilete: Yngve Lie/Aura Avis

På Tingvoll gjentek dei suksessen frå i fjor, då det var open kyrkje og aktivitetar i ei heil helg i høve Møre bispedømme sitt 40-årsjubileum. Også i år blir det eit variert program i både kyrkje og bedehus.

Ein tjue-tredvetals programpostar står oppført. Det blir besøk frå professor i Systematisk teologi Jan-Olav Henriksen, som skal halde foredrag over boka «Etikk i klimakrisens tid». På bedehuset kan ein pusle med små puslespel, medan i kyrkja kan ein bryna seg på eit på heile 2.000 bitar. Seminar og konsertar, salmesong og ljostenning, bibelforteljingar og aktivitetsstasjonar for born. Ei tettpakka og variert helg på Tingvoll 13. - 15. september!

Mellom anna:

fredagen er det program frå kl. 1800 til kl. 21.45. Laurdag 14. september startar det kl. 1100. Kl. 18 er det konsert for sjelero, med Zhala Aliyeva på cello, Odd Sonntag på fiolin og Vegard By på piano. Kl. 19 blir det servert kveldsmat, før eit miniføredrag om Markusevangeliet. Nattmat og nattkino. Kyrkjehelga avsluttast sundagen med familiegudsteneste og kyrkjekaffi.

Frå venstre: Toril Stendahl, Åsmund Ormset, Vegard By og Odd Erik Stendahl. Bilete: Yngvar Lie

Sjå heile programmet her: 

Open kyrkjehelg 13. 15. september 

 

160-Årsfestsalmekveldkonsert

Open kyrkjehelg er ikkje det einaste som gjeng føre seg i soknet i nær framtid.

Måndag 7. oktober er det 160 år sidan Straumsnes kyrkje vart vigsla og teke i bruk. Dette feirar soknerådet ved å arrangere gebursdagsfestsalmekveldkonsert i kyrkja kl. 18:00.
Straumsnes songlag, sokneprest Toril Stendahl og kantor Vegard By deltek. Sjølvsagt blir det servert gebursdagskake bak i kyrkja.
Per dato er ikkje alle deltakarane klare enno; følg med på «skjerikyrkja.no» eller skann QR-koden i biletet nedanfor for oppdatert informasjon. Arrangementet er gratis, det blir teke opp kollekt til det kyrkjemusikalskearbeidet i soknet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"