«Størst av alt er kjærleiken, men først av alt er nåden!» (biskop Ingeborg Midttømme)
Reformasjonsjubileet 2017 blei søndag 27. august markert med gudstenester over heile landet. Kyrkjelydane i Søre Sunnmøre prosti var samla til ei felles gudsteneste i Volda kyrkje. Kyrkja var fullsett og representantar frå alle dei sju kommunane i området tok del med ulike oppgåver.
Tema for gudstenesta var Nåden åleine - noko som vart lyfta fram både i ord og tonar av dyktige medverkande.
Salmesongen er en viktig del av den lutherske kyrkja si arv, og når kor og ei fullsatt kyrkje stemde i var opplevinga av takksemd og fellesskap det som vart dominerande. – Gud har gitt oss alt – for bare takk, sa biskop Ingeborg i preika si. Og «takk» er det vi sit att med - takk over å høyre til eit stort kyrkjeleg fellesskap.
Sjå fleire fotos på facebook-sida til Møre bispedøme