Liksom Gud sende Son sin til verda, sender han kyrkja til verda, og me har ansvar for å bygga eit godt samfunn i lag med alle menneske av god vilje. Saman med representantar frå Human-Etisk forbund, Den katolske kyrkja og muslimar i Møre og Romsdal, har Møre bispedøme vore med i førebuingane til å starta opp eit lokallag tilknytta STL – Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.
Det blir lyst til stiftingsmøte i Molde i midten av januar. Tanken er at kvart trussamfunn kan ha inntil 2 representantar i rådet, og me oppfordrar interesserte i lokalkyrkjelydane til å ta kontakt med misjonsrådgjevar Geir Sakseid viss ein kan tenka seg å representera Den norske kyrkja i rådet – eller om ein ønskjer å arrangera lokale dialogsamlingar.