Søk om Vekstmidlar for 2023

No kan det søkast om Vekstmidlar for 2023. Tildeling skjer tre gonger i løpet av året, med tre søknadsfristar. Søknadsfristane er 15. mai, 15. august og 15. oktober.

Illustrasjonsbilete: Sven-Erling Brusletto

87 ulike prosjekt fekk tilskot frå Møre bispedøme i 2022. Vekstmidlane er ei tilskotsordning finansiert av bispedømmet sine interne avsetjingar. Total tilskotssum vil variere frå år til år. 

Søknad må fremjast på eige søknadsskjema.

Satsings- og fokusområda i Møre bispedømme sin strategiplan for 2023 er:

Diakoni / Bygge fellesskap for unge /  Kunst og kultur / Kyrkja som organisasjon/Digital kyrkje / Rekruttering / 

Tildeling skjer tre gonger i løpet av året, med tre søknadsfristar. For 2023 er søknadsfristane 15. mai, 15. august og 15. oktober.

 

Vilkår for tildeling 

Prosjekt som støttar satsing – og fokusområda innanfor felta under er prioritert:

·         Trusopplæringstiltak som styrkjer samarbeid mellom sokn, og med kyrkjelege barne- og ungdomsorganisasjonar. 

·         Nyskapande diakonale tiltak som samhandlar på tvers av sokn og/eller som aukar kontakten med sivilsamfunnet.

·         Tiltak som byggjer fellesskap for barn og unge.

·         Nyskapande tiltak i gudstenestelivet.

·         Nyskapande prosjekt innan kunst og kultur, og kyrkjemusikalsk verksemd.

·         Tiltak for å rekruttere og utruste frivillige i kyrkjeleg teneste.

·         Tiltak som styrkjer kyrkja sitt omdøme.

·         Tiltak som styrkjer digital samhandling mellom sokn.

 

Kven kan søkje?

Søkjar/prosjekteigar lyt vere kyrkjeleg råd, underutval av desse eller samarbeidande organ/ organisasjonar.

Hovudregelen er at eit prosjekt berre kan få tilskot ein gong. I særskilte høve kan prosjekt motta støtte inntil tre gonger. Det blir ikkje gitt tilskot til finansiering av stilling.

Tilskotet blir utbetalt til oppgitt kontonummer i søknad og utbetaling skjer etter reglane i «Forskrift om økonomiforvaltning i sokn i Den norske kirke» av 01.01.2021.

Søkjar/prosjekteigar må føre rekneskap som viser oversikt over bruk av tilskotet. Rapportering og rekneskap for tildelt sum skal rapporterast på eige rapporteringsskjema når prosjektet er ferdig og seinast innan 31. januar året etter.

Skjema for rapportering;

Prosjekt rapport: https://www.kirken.no/nn-NO/bispedommer/more/arbeidsomrade/tilskot%20trusoppl%C3%A6ring/Vekstmidlar/

Økonomirapport: Rekneskap som syner bruken av tilskotsmidlane skal leggast ved rapporteringsskjemaet.

 

Unytta midlar

Tildelte midlar som ikkje blir nytta i tråd med søknad, skal i betalast tilbake til Møre bispedømmeråd, med mindre det blir gjort avtale om å nytte dei til andre relevante formål. Partane skal gjere avtale om endringar. 

 

Kontroll og sanksjonar

Bispedømmerådet har høve til å gjennomføre naudsynt kontroll med at tilskotet blir nytta etter føresetnadane i dette tildelingsbrevet. Dersom det i ettertid viser seg at tilskotet ikkje er nytta til det formålet, kan bispedømmerådet krevje delar av eller heile tilskotssummen tilbake.

Her finn du søknadsskjema og informasjonsskriv om ordninga.

Møre bispedømmeråd håper på mange gode søknader!

 

Illustrasjonsbilete: Svein Erling Brusletto

Illustrasjonsbilete: Svein Erling Brusletto
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"