Salmestafetten - vi feirar 150 år med nynorske salmar ♫

Ver med å dele din salme i Salmestafetten, som markerer 150 år med nynorske salmar! I denne stafetten deler kjende personar i Møre bispedøme sin salme - og fortel om kvifor akkurat den betyr noko ekstra for dei. Vér med å dele din salme du også!

I år er det 150 år sidan det første heftet med nynorske salmar blei gitt ut. Møre bispedøme i samarbeid med Nynorsk kultursentrum ønskjer å markere dette med ekstra merksemd kring den nynorske salmetradisjonen. Konsertar, utstilling og salmestafett er nokre stikkord.

Biskop Ingeborg Midttømme sin nynorsk-salme

Feiring av den nynorske salmetradisjonen ♫

Bokåret 2019 = Bibelåret 2019

Den nynorske salmen er levande i mange, frå vogge til grav - som ein stor rikdom. I år er det 150 år sidan det første nynorske salmeheftet Nokre Salmar, gamle og nye (bildetblei gitt ut. Mannen bak heftet var Elias Blix. Han sprengte rommet for kva språk offentlege religiøse tekstar kunne skrivast på, og no 150 år etter er det som ein gong var kontroversielt ein sjølvsagt del av dei norske kyrkjeromma. Mange av dei mest kjende nynorske salmediktarane har sine røter frå vårt område.

Møre bispedøme ønskjer saman med Nynorsk kultursentrum å feire den nynorske salmetradisjonen som ein del av Bokåret 2019. 

– Møre bispedøme markerer 150 år med nynorsk salmar med å oppmode kyrkjelydane til å ha eit særleg fokus på dei nynorske salmane dette året. Vi utfordrar også kjende personar i bispedømet til å dele sin salme, seier biskop Ingeborg Midttømme, som er først ute med sin salme i Salmestafetten.

– Nynorske salmar er ein stor rikdom for mange. Salmane lever i den enkelte av oss, i familiar og i bygder og landsdelar. Den nynorske salmen er noko stort å få vekse inn i, og den følgjer oss heile livet, seier biskopen.

Biskop Ingeborg Midttømme sin nynorsk-salme

Feiring av den nynorske salmetradisjonen ♫

Bokåret 2019 = Bibelåret 2019

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"