SALMESTAFETTEN i Møre bispedøme
Biskop Ingeborg Midttømme sin nynorsk-salme
Feiring av den nynorske salmetradisjonen
– Eg vel ut ei nynorsk salme som har sterke røtter frå Møre om Romsdal; frå Surnadal og Fræna. Henning Sommerro og Edvard Hoem har sidan 70-tallet utgjort ein skapande kunstnarduo som står bak ein imponerande produksjon av salmar og viser med forankring i det bibelske univers og verdsbildet frå vår eiga tid. Edvard Hoem har 11 salmar i den nye salmeboka. Han seier om seg sjølv at han er ein diktar som også skriv salmar. Historia rundt Den fattige Gud, fortalt av Edvard sjølv:
"Det er ein eller annan stad i dette landskapet at mi eiga salmeskriving begynner, i den latinamerikanske frigjeringsteologien, som vart ein så vesentleg faktor i mitt liv frå begynnelsen av 1980-talet, da eg uhyre langsamt begynte å nærme seg kristendommen igjen, etter ti og femten år – i eit åndeleg eksil da eg ikkje sette mine bein i ei kyrkje. Tilfeldig eller styrt, det var i alle fall songlærarinna fru Klovning på Sandviken skole i Bergen, der den yngste son min gjekk, som sa til han, Henrik, at han måtte få far sin til å skrive ein song som dei kunne bruke i klassen før jul. På denne tida hadde eg rett nok begynt å interessere meg for frigjeringsteologi og svart teologi, men om nokon hadde spurt om eg var kristen, ville eg ha svart nei. Men ein seier jo ikkje nei til ein slik forespørsel, og dermed vart eg salmediktar mot min vilje, i ein naivistisk sjanger som eg ikkje hadde prøvd før, og eg kalla salmen for Den fattige Gud, som var like radikalt da som no i ein teologisk samanheng, Gud var ikkje berre ein Gud for dei fattige, han var sjølv fattig.”
I ei verd med store skilnader er denne salmen ei viktig påminning. FN har lansert 17 berekraftmål, som er verda si felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Mål nr. 1 handlar om å utrydde alle former for fattigdom i heile verda!
og sa at han var Gud.
Han levde slik som andre, han,
og såg heilt vanleg ut.
Hans rike låg langt borte
frå all sorg og vondskap i vår verd,
og enda bed han oss forstå
at det er inni oss det er.
og det er meg du ser.
Men vi ser millionar, vi,
i svoltens store hær.
Og når vi veit kva vi har gjort
mot alle desse dine små,
forstår du at vi snur oss bort
ifrå den Gud vi skulle sjå.
i svolten kring vår jord,
er Gud som menneske, da trur
vi òg at du er stor.
Når svoltens hær frå land til land
bryt opp og krev ei anna verd,
vil vi forstå med vår forstand
kva for ein mektig Gud du er.
Melodi: Henning Sommero, 1983
Rigmor Brøste utfordrar fylkesordførar Jon Aasen til å dele sin nynorsk-salme i salmestafetten.