Gjennom aksjonen “Saman som kyrkje i heile verda” kan lokalkyrkjelydar i Møre bispedøme støtte våre søsterkyrkjer som er hardt råka av korona-pandemien, gjerne med utgangspunkt i misjonsavtalen dei allereie har. I denne tida blir mange prosjekt sett på vent, og pengar omprioritert til hjelpetiltak, no når kyrkjer og hjelpeorganisasjonar har fått ekstra store diakonale oppgåver i møte med koronakrisa.
I denne situasjonen vil Møre biskop og bispedømeråd utfordre kyrkjelydane i Møre bispedømme til misjonssolidaritet!
Initiativet til denne aksjonen kjem frå ulike bispedøme i Noreg, i samarbeid med dei sju organisasjonane som er med i SMM – Samarbeid menighet og misjon. Sjå kirken.no/SMM
Korleis kan kyrkjelyden delta?
- Del informasjon om misjonsprosjektet dykkar, særleg oppdaterte nyheiter om korona-situasjonen. Informasjon finn de nedanfor.
- Har ikkje kyrkjelyden misjonsavtale, kan de velje eit prosjekt å informere om.
- Gi folk høve til å gi gjennom vipps, bankgiro, spleis, Facebook-innsamling eller liknande.
- Del gode idear til korleis vi saman kan skape mest mogleg blest om aksjonen.
Praktisk informasjon
Pengar kan samlast inn på den måten som passar kyrkjelyden best, anten kanalisert gjennom soknet sin bankkonto eller direkte til det misjonsprosjektet dei støttar.
Meir om innsamlingsmetodar.
Døme på korleis ein kan laga ein aksjon
Kyrkjelydar i Møre som er med på aksjonen:
Øre og Gjemnes sokn er med – ikkje digitalt, men ved å ta opp eit kyrkjeoffer til aksjonen like etter jonsok.
Facebook-gruppa for den nasjonale aksjonen
Informasjonsmateriell frå misjonsorganisasjonane vil etter kvart vere tilgjengeleg på nett.
Sjå hovudsida om aksjonen.
Ta gjerne kontakt med misjonsrådgjevar Geir Sakseid på e-post gs733@kyrkja.no eller tlf. 913 25 568.
Registrering
Kyrkjelydar som vil vera med på aksjonen kan registrera seg her, så kjem dei med i oversikta over kyrkjelydar som deltar i aksjonen.