Dobbelt så mange søkjarar som studieplassar

Stor interesse for den nye presteutdanninga ved MF.

Illustrasjonsbilete: Torstein Kiserud

Det var heile 69 søkjarar til den erfaringsbaserte presteutdanninga, men berre 35 ledige studieplassar. Seks av desse studieplassane gjekk til søkjarar frå Møre, og fem av dei er kvinner.

- Møre bispedøme har over tid jobba fram denne ordninga med prest under utdanning. Difor er det ei stor glede at Kyrkjerådet no har anbefalt at Kyrkjemøtet gjer vedtak om dette. Vi veit av erfaring i Møre bispedøme at folk som har ein annan yrkesbakgrunn, som vel å gå inn i prestetenesta, er ei stor velsigning og ein rikdom for kyrkjelydane. Det å ha ein annan yrkesbakgrunn og den livserfaringa det gir. Eg er utruleg takksam for at desse som no har eit kall til å gå denne vegen, får ein god teologisk utdanning på toppen av alt dei har med seg frå før, seier biskop i Møre bispedøme, Ingeborg Midttømme.

Frå Møre bispedøme er det altså fem kvinner og ein mann som har kome gjennom nålauget ved MF:

Gunnhild Barstad Løvold, Anita D. Hagerup, Heidi Kristin Fagersand, Constanze Lindner, Stine Margrethe Lerheim og Stig Kjenstad.

         

Frå venstre: Constanze Lindner og Heidi Kristin Fagersand. Bilete: Privat

Rekrutteringa til presteyrket har vore ei utfordring over lengre tid. Kyrkjerådet meldte i år om ei forsiktig auke i talet på søkjarar til det tradisjonelle profesjonsstudiet. Totalt 76 personar søkte på studiestad ved høvesvis MF vitenskapelig høyskole, Teologisk fakultet, NLA og VID.

MF sitt nyoppretta studietilbod, som startar opp til hausten, var det enda større rift om. 69 personar søkte på dei 35 studieplassane til nyvinninga Erfaringsbasert master: Prest.

Den norske kyrkja har opna for at personar over 35 år med relevant yrkespraksis, og ein del teologi- eller kristendomsstudie frå før, kan bli prestar utan å gå det seksårige studieløpet. Det er desse MF har oppretta det nye masterprogrammet for. Etter å ha fullført den toårige mastergraden er ein kvalifisert til å bli prest i Den norske kyrkja.

Tre av dei seks studentane som kom inn på Erfaringsbasert master Prest:

 Stine Lerheim. Bilete: Privat  Stig Kjenstad. Bilete: Privat Gunhild Barstad Løvold. Bilete: Privat
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"