Nytt ungdomsråd i Møre bispedøme

Ungdomsrådet som vart valt på ungdomstinget hadde sitt første møte den 26.mars på Fjellseter ungdomssenter. På møtet fekk dei konstituert seg, lagt ein møteplan for 2018 og snakka om aktuelle saker.

Bak,frå venstre: Olai Stavseng, Øystein Grimstad Thormodsæter, Iver Fiskaa Ødegård, Jonathan Risung. Framme,frå venstre: Tordis Kanutte Frisvoll, Ylva Elisabeth Bjørnes, Othilie Tofte Lerheim. (Desse var ikkje med på bilete: Elias Storhaug og David Kringstad Grønvik)

Det første ungdomsrådet gjorde var å evalurere årets ungdomsting. Dei var samde i at dette var ei kjekk oppleving og at dei ønskjer enda større deltaking på Ungdomsting i 2019. Ungdomsrådet skreiv ned eit hovudmål:              

Til ungdomsting 2019 ønskjer vi oss delegater frå alle kyrkjelege fellesråd i Møre bispedøme. 

Ungdomsrådet er ansvarleg for å følgje opp sakene frå ungdomstinget, planleggje nytt ungdomsting og arbeide med andre aktuelle saker. Dei skal også sende deltakarar til Ungdommens kyrkjemøte (UKM). 

Ungdomsrådet består av:

Leiiar:             Jonathan Risung (Aukra) 

Nestleiiar:       Ylva Elisabeth Bjørnes (Stranda)

Styremedlem: Othilie Tofte Lerheim (Molde) (KFUK-KFUM Møre og Romsdal)

                         Elias Storhaug (Molde)

                         David Kringstad Grønvik (Myrbostad) (NMSU)

                         Tordis Kanutte Frisvoll (Hamnsund)

                         Olai Eide Stavseng (Liabygda)

 Vara:               Iver Fiskaa Ødegård (Ulsteinvik)

                         Øystein Grimstad Thormodsæter (Ulsteinvik)

 

Den nyvalgte leiiaren, Jonathan Risung (f. 2000) frå Aukra kyrkjelyd syns det er viktig å vere ein del av kyrkja sitt ungdomsdemokrati:

- Eg sit i ungdomsrådet fordi eg ønskjer å få sagt meiningane mine og diskutere med fleire engasjerte ungdommar. Det er viktig at ungdomar i kyrkja blir høyrt. Vi i ungdomsrådet vil arbeide med at ungdommar kjenner seg velkomne i kyrkja. For å få ungdommar til å bli enda meir interessert i kyrkja må vi ha arrangement som engasjerer, både før og etter konfirmasjonstida.

Nestleiiar, Ylva Elisabeth Bjørnes (f.2003) frå Stranda kyrkjelyd ser fram til å arbeide aktivt i ungdomsrådet:

- Eg syns ungdomsdemokrati i kyrkja er flott. Eg vil sitje i Møre bispedøme sitt ungdomsråd for å gjer ein forskjell; for å kunne få fleire ungdommar inn i kyrkja. For å engasjere fleire unge i kyrkja bør ein tilpasse innhaldet i kyrkja meir mot ungdom.

Her kan du lese meir om ungdomsdemokrati i kyrkja.

 

Her er ungdomsrådet i arbeid på sitt første møte. Kyrkja engasjerer dei!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"