Ver med på gudsteneste i venskapsbispedømet i Ungarn

Ver med på gudsteneste i Møre sitt venskapsbispedøme i Ungarn, og bli kjent med høgmesse-feiringa der gjennom den TV-overførte gudstenesta i den lutherske kyrkja i Budafok (Budapest).

Ver med på gudsteneste i venskapsbispedømet i Ungarn

Sjå video nedst i artikkelen ↓  Les meir om venskapsbispedøma i England og Ungarn

Kyrkja i Ungarn står framfor dei same utfordringane som andre kyrkjer i Europa i høve til smittesituasjonen. Høgmessa sist søndag i den lutherske kyrkja i Budafok (Budapest), vart difor halden utan heile kyrkjelyden til stades. Men gudstenesta vart overført på ungarsk fjernsyn, og blir no også delt med kyrkjelydane i Møre.

Biskopen i Nordre Bispedøme i den evangelisk-lutherske kyrkja i Ungarn, Tamás Fabiny, skriv slik i ei helsing til kyrkjelydane i Møre:

"Må vår Herre Jesu fred vere med dykk alle! Grunna pandemien er kyrkja vår nærast tom desse dagane. Men i denne tomheita kan ein likevel oppdage heile Guds fylde. Når vi ikkje kan halde nattverd på vanleg måte, veks trongen i oss etter Kristi lekam og Kristi blod. Måtte Gud bruke denne kringkasta gudstenesta slik at vi kan kjenne det kristne felleskapen over heile verda."   

 

 

Ungarn3.jpg

Tamás Fabiny er biskop i Nordre Bispedøme i den evangelisk-lutherske kyrkja i Ungarn.

 

Ungarn4.jpg

Den lutherske kyrkja i Budafok (Budapest).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"