Møre bispedømme ser etter ein person som kan fylle ei 100 prosent stilling som rådgivar, med fokus på fagfelta ungdom, frivillige, integrering og kyrkjefagleg sakshandsaming.
Vi leitar etter ein ny medarbeidar som arbeider like lett på kontoret som ute i dialog med medarbeidarar i kyrkjelyd og samarbeidande organisasjonar.
Den vi ser etter skal rettleie og framsnakke kyrkjelydane. Du skal kunne gjere bruk av dei ulike digitale plattformene som bispedømmet har, og appar som TikTok, Snapchat og Instagram er velkjende for deg.
Vår nye medarbeidar skal rettleie i kyrkja si lære, og arbeide i team med andre rådgivarar i kyrkjefagavdelinga på bispedømmekontoret i Molde.
Søknadsfrist er 6. juli.