Olavsfest 2024 er åpnet

Her kan du lese talen til preses Olav Fykse Tveit fra åpningen av Olavsfest 2024.

Preses Olav Fykse Tveit talte under åpningen av Olavsfest 2024.

Tale ved preses Olav Fykse Tveit

ved opninga av Olavsfest 28. juli, 2024

Kjære alle saman!

Namnet «Olavsfest» på denne festivalen passer alltid godt, men spesielt godt i år. (Nokon skuldar meg for å like namnet av personlege grunnar, særleg om ein deler namnet i to: Olavs fest. Men det er altså ikkje det eg skal snakke om her!) Olavsfest 2024 skjer i det året vi markerer tusen år siden ei svært viktig hending i kong Olav Haraldssons liv og virke. Den har hatt stor og vedvarande verknad for vårt land. Og innhaldet i det som skjedde den gongen, har mykje med temaet for årets Olavsfest å gjere: Makt.

I 1024 (sannsynlegvis) kalte Olav Haraldsson saman dei mektige frå heile Noregsveldet til ei samling på Moster, ei lita øy mellom dagens Stavanger og Bergen, for å etablere ein felles ny rettsordning med felles lover for alle, gjeldande på alle ting. Det var gjort også ved å innføre nye prinsipp for lovene, det som vert kalla kristenretten. Den avløyste mange av prinsippa frå ættesamfunnet, og endra maktrelasjonar.

Kristenretten handla om å definere makt på ein ny måte. Ein hadde ikkje lenger rett berre fordi ein var den mektigste. Alle skulle ha rett til mat og klede, rett til å bli behandla som eit medmenneske, til å leve – sjølv om ein er slave, eller nyfødd og ikkje ønskt av nokon. Lovas makt skulle brukast og ho skulle verne om alle, fordi vi alle har den same skapar.

I kyrkjebygga som skulle byggjast over alt, og på kyrkjegardane som skulle anleggjast, vart dette veldig konkret: For fyrste gong skulle det vere hus som høyrte alle til. Alle kunne vere under eitt og same tak. Det var ingen andre hus det skjedde i, at herre og slave, rik og fattig, vart samla slik. Dei høyrte det same Gudsordet og høyrde den same bøna i Fadervåret som avslutta med: «for riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen». Det relativiserte all makt på jorda. Og ikkje minst vart makta jamna ut når alle skulle gravleggjast side om side.

Difor er temaet makt viktig for ein Olavsfest der vi samlast om kultur, kunst, og diskuterer politikk og andre viktige saker – i lys av den Olavstradisjonen vi har og feirar her kvar olsok.

Kva gjer vi med den makta vi har fått ansvar for å bruke til gagn for fellesskapet?

Den utfordringa gjeld også kyrkja, og religionen og livssynssamfunnas plass i eit samfunn. Vi kan vere med å skape opne og trygge rom, felleskap og rettferd, fred og framtid. Likeeins, alle kan kome til å misbruke religiøs makt eller annan autoritet til å skape avstand, ekskludering, det motsatte av fellesskap.

Vi samlast til nye flotte opplevingar av musikk og annan kunst på Olavsfest, og til spanande samtalar, også i år. Vi feirar og funderer. Men vi fryktar også. Vi lever i ei tid der makt er misbrukt til å skade andre gjennom terror og vald – ikkje berre i enkelte hendingar, men også i vedvarande, brutale krigar. Til dels legitimert ved misbruk av nettopp religiøs makt.

Det er krig i vår verdsdel, og flyktningar frå Ukraina mellom oss veit meir kva det inneber. Makt kan misbrukast, og må då møtast med motmakt for at ein ikkje skal ha rett til å gjere kva ein vil mot andre.

Krigen på Gaza er forferdeleg og i strid med det all makt skulle verne om: menneskeverdet, respekten for menneskeliv, og for dei basale behov alle har for tryggleik, fridom, mat, vatn, helse. Dei stridande partar der, saman med dei mektigaste i denne verda, må no bruke si makt slik at uskuldige gissel slepp fri, og stoppar drapa og ubøtelege skader på uskuldige menneske, gjer ein ende på heilt umennesklege livsvilkår - og lagar varig våpenkvile no!

Det er hardt arbeid å bruke makt rett. Men det er gjennom å styrke fellesskapet at vi byggjer ei framtid for alle og for heile jordkloden vår, på tvers av alt som måtte vere ulikt og kan skilje oss.  Det trengst meir enn nokon gong.

Det finst også ei makt som kan samle oss. Det er noko som heiter kjærleikens makt. Den kan vi alle bruke.  

Det er denne oppgåva å foreine makt og rett som utfordrar oss, og på ein spesiell måte nettopp her framfor Nidarosdomen. Vi skal ta vare på det beste vi har. Vi har mykje å takke for.

Difor er det også dette året ei glede å ønskje velkomen til Olavsfest på kyrkjas vegner. Det som skjer gjennom festen og feiringa, i kyrkja og utanfor kyrkja, er uttrykk for takk og glede. Å delta på årets Olavsfest er også uttrykk for at vi sammen vil ta ansvar, slik at makta vert utfordra og brukt til gagn for alle menneske.

Då vert det også til ære for Gud som er skapar av oss alle – og som vil vere ven med oss alle, slik det heiter i kristenretten frå 1024.

God Olavsfest!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"