Både store og små hadde møtte fram på byggeplassen i strålande sol, men med ein litt vinterleg vind. Det var mange som vart takka etter å ha jobba på ulike vis i mange år for å få prosjektet realisert. Ordføraren var blant dei som kom med ei helsing og han ser fram til samarbeid mellom kommunehus, kulturliv og kyrkje i Klepp sentrum.
Sjå bilete frå seremonien nedst på sida.
– Nokon vil tenkja: Endeleg skjer det! Mens andre seier: Allereie no? sa biskop Anne Lise Ådnøy i si helsing, som du kan lesa her:
Kyrkja i sentrum av Klepp er etterlengta. Diskusjonar og svingar langs vegen har det vore. No er tida mogen, og plutseleg kunne dette føya seg inn i programmet for jubileumshelga i Jæren prosti. Me feirar dette året at bispedømet vårt og domkyrkja er 900 år. Då kan det vera på sin plass at det vert «fødd ein til unge i familien».
Fleire feiringar
900 år er lenge og me kan ha all grunn til å feira. Samtidig vert eit større jubileum markert: Det er 1700 år sidan kyrkjene vart einige om ei truvedkjenning. Kyrkjemøtet var samle i Nikea i år 325, og truvedkjenninga kallar med Nikenum. Om lag 1300 år før møtet i Nikea vigsla kong Salomo sitt tempel i Jerusalem. Fleire av salmane i det me kallar Det gamle testamentet skriv seg frå den tida.
I Jerusalem bygde dei med stein. For å halda heile bygget saman måtte huset ha ein hjørnestein som ikkje kunne rikkast. Tempelet i Jerusalem var kjent i heile regionen som Salomos tempel. Då romerane tok Jerusalem i år 70 fall tempelet. Kan hende var Jesus profetisk då han sa at det ikkje skulle verta stein igjen på stein? Men at alt skulle verta bygd på nytt etter tre dagar, det skjøna dei ikkje før hans kropp vart reist opp frå dauden på tredje dagen.
Jesus er krafta
Jesus er hjørnesteinen som alt kvilar på. Han er den som held bygget saman. Me kan krangla om rådhus og kyrkje, eller bedehus og kulturmiddel, og vera usamde om mykje. Jesus er krafta som gjer at ikkje alt smuldrar. I minst 900 år har det vore ein kyrkjelyd her som har sagt orda i vedkjenninga høgt. No skal eit nytt bygg få tena Herren og generasjonane som kjem etter oss. Heilt sidan den fyrste påskemorgon har sundag vore heilag for dei som trur på Jesus Kristus så me kan seia:
Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!
Gler oss saman
Det var fleire talar og helsingar i løpet av seremonien, deriblant frå nestleiar i Stavanger bispedømmeråd Kristine Brunvathe Bjerkestrand. Her er hennar helsing:
Kjære alle sammen, gratulerer med dagen!
Det er en stor glede for meg å få komme med en hilsen på vegne av bispedømmerådet.
En helt ny kirke gir glede ut over stedet den står på og betyr noe for også oss som representerer alle menighetene i Rogaland som folkevalgte. Vi gleder oss sammen med dere over at Klepp kirke er kommet så langt som til grunnsteinsnedleggelse.
I grunnsteinen er det tegn på hvem vi er. Det er symboler på tiden vi lever i, på samfunnet og på kirken.
Godt naboskap
I år er kirken i Rogaland 900 år. Steinkorset på Krosshaug her i Klepp er enda eldre, fra 1000-tallet. Vi står i en lang tradisjon, med dype røtter og stor bredde.
Mottoet for jubileet vårt er «Sammen». Vi er sammen som ulike mennesker, som mange kirker i ett bispedømme og som kirke i et mangfoldig samfunn. Den nye kirken her på Klepp blir virkelig et samlingssted, for både kommune, kulturliv og kirke her i sentrum. Vi gleder oss til å se hva som vil skje i godt naboskap mellom alle som vil gjøre Klepp til et godt sted å leve.
Menigheten på Klepp har vokst ut av den gamle kirken, som fortsatt vil være et viktig tradisjons- og samlingssted. Vi gleder oss over at det er så mye som skjer, at så mange vil komme og at det er så mye kreativitet i soknet at dere har samlet dere om å bygge ny kirke.
Fulle av forventning
Tusen takk til både Klepp kommune, til de som utfører arbeidet og til de som er ansvarlige fra kirkens side. Sammen reiser dere et bygg som vil skape fellesskap, høytid og trivsel, og som innbyggerne i Klepp vil bli stolte av. Grunnsteinen som blir lagt representerer oss og det gode arbeidet som er lagt ned til nå.
Takk for flott arbeid så langt, nå er vi fulle av forventning til det som venter oss når kirken reises. Lykke til med fortsettelsen!