- Ny vigselsliturgi til bruk i alle kyrkjer

Biskop Ivar Braut har svart Nærbø sokn på spørsmålet om konsekvensar av soknemøtevedtak om innføring av vigselsliturgi for likekjønna. - Soknemøtet kan ikkje hindra at den nye liturgien blir innført, skriv biskopen.

Biskop Ivar Braut etter vigslinga 19. mars i år. Foto: Gunnar Westermoen.

I Nærbø kyrkjelyd har det vore eit soknemøte om ny liturgi for vigsel av likekjønna par. Her vart det gjort vedtak om at den nye vigselsliturgien ikkje skal brukast i kyrkjelyden. Dette vart vedteke trass i at soknerådet hadde gjeve ei anna innstilling.

- Eg har respekt for at medlemmer i ein kyrkjelyd gjer det dei kan når ei sak går på tvers av deira overtyding. Spørsmålet om likekjønna vigsel har engasjert mange, og for ganske mange har det ført til at ein er blitt fortvila over vedtak som er gjort i kyrkja. Bakgrunnen er at ein meiner Bibelen ikkje opnar for likekjønna samliv og, at det difor ikkje er rett at kyrkja skal gje likekjønna par høve til å gifta seg i kyrkja, skriv biskopen i brevet.

- Ikkje fullmakt etter lova
- Men eit soknemøte kan ikkje hindra at den nye liturgien blir innført i soknet. Kyrkjemøtet sitt vedtak seier at «de nye liturgiene innføres som ordinære liturgiske ordninger». I Kyrkjelova heiter det at «menighetsmøtet avgjør saker om innføring av gudstjenestelige bøker i kirken og andre saker som etter bestemmelse av Kirkemøtet overlates til menighetsmøtets avgjørelse».

- Kyrkjelova gjev altså ikkje soknemøtet fullmakt til å late vera å innføra liturgiske ordningar som Kyrkjemøtet har gjort gjeldande for heile kyrkja. Det er berre når Kyrkjemøtet uttrykkeleg har overlate eit spørsmål til soknemøtet at liturgiar skal behandlast der. Ordninga vil derfor, slik Kyrkjemøtet og Bispemøtet har sagt, vera slik at likekjønna som bed om vigsel i si lokale kyrkje vil få det på same måte som andre. Dette gjeld også i Nærbø kyrkjelyd. Dette har eg sendt brev om til Nærbø sokneråd, seier biskop Ivar Braut.

- Kyrkja er større enn meiningane våre
Til sjølve saka om likekjønna vigsel legg biskopen til: - Då Kyrkjemøtet for Den norske kyrkja gjorde vedtak om at likekjønna skal kunne gifta seg i kyrkja, blei det i same vedtak skrive inn formuleringar som gjev til kjenne at ein har to sidestilte syn i same kyrkje. Dei som fekk fleirtal for sitt syn har vist ei raus haldning overfor oss som støtta vedtaket, men som sjølv ikkje vil forretta ein likekjønna vigsel. Det er blitt respektert at vi har ei anna ekteskapsforståing enn fleirtalet.
Dette gjeld også overfor den fjerdeparten av Kyrkjemøtet som stemte imot vedtaket. Etter mi meining står også denne mest konservative delen av Kyrkjemøtet for ein logisk samanhengande argumentasjon som fortener respekt. Fleirtalet i Kyrkjemøtet kunne ha overkjørt alle andre og laga strammare ordningar. I staden har dei kome i møte med forståing og respekt, meiner Braut.

- På same måte vil eg oppmoda alle som er glade i kyrkja si til å sjå stort på alt det viktige vi står saman om. Kyrkja er større enn meiningane våre. Og på tvers av ulike syn på denne saka er det viktig å strekka ut ei hand og seia: Vi høyrer saman i fellesskapet i kyrkja, tenesta for Gud og medmenneske og ved same nattverdbord.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"