Mange vil høyre podcast om kyrkje-symbolikk

Kyrkjelydsprest Aksel Johan Lund og ungdomsvegleiar Torgeir Hauge i Nærbø trudde dei laga ein litt nerdete podcast om å dekoda symbolikken i kyrkja. Men temaet skulle vise seg å interessere fleire.

Torgeir Hauge og Aksel Johan Lund lagar podcast frå studioet i Nærbø kyrkje. Foto: Kyrkja dekoda på Youtube

Podkasten «Kyrkja dekoda» vart til då dei to snakka om kor mykje symbolikk som finst i kyrkja som ofte kan vere ukjend eller uforståeleg for mange som går til gudsteneste.

– Då vart idéen til om å ta opp slike tema i podcast-format. I podcasten har me drøfta ulike tema som himmelretningane, kyrkjekunst og kyrkjelege klede. Me var litt usikre på om det var for nerdete eller snevert, men responsen har vore veldig god. Mange lyttar til podcasten, og fortel at det har gitt dei eit nytt blikk på gudstenesta. Det synest me er veldig kjekt å høyre, og akkurat det me håpa å få til, fortel Aksel Johan Lund.

– Foreløpig har me lagt opp til fem episodar i første sesong, men sidan me har fått så mange fine tilbakemeldingar kan det vere me lagar meir etter kvart.

Sjå podcasten på YouTube 

Eller høyr den på Spotify 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"