Ledig stilling som prostiprest for ungdom i Jæren

Er du glad i å vera kyrkjelydsprest samstundes som du ønskjer å jobbe enda meir med unge? Deler du draumen vår om at kyrkja når ut til enda fleire unge vaksne?

Har du mot, lyst og tolmod til å våge å starte noko nytt? Foto: Bo Mathisen

Viss du i tillegg er god på å byggje relasjonar og synes det er kjekt å arbeide med sosiale medier, kan det vere at denne nyoppretta stillinga i Jæren prosti er noko for deg.

Stavanger bispedømme ønskjer å styrke arbeidet blant ungdom. Derfor opprettar vi no ei heilt ny stilling i Jæren prosti. Stillinga har fokus på vaksen ungdom (16-25 år) i nabosokna Nærbø og Bryne.
60 % av stillinga handlar om denne ungdomssatsinga, og 40 % av den inneber å vera kyrkjelydsprest i Nærbø sokn.
Som prostiprest i Jæren blir du ein del av eit stort team der fleire allereie har ungdomsarbeid anten som heile eller delar av stillinga si: Nærbø har eit godt etablert ungdomsarbeid leia av ein ungdomsveileiar i full stilling. Bryne har ein prosjektleiar, også i full stilling, som bygger opp eit felles ungdomsarbeid for dei 3 sokna i Time kommune (Bryne, Time og Undheim). I tillegg er det ungdomsarbeidarar knytt til ungdomsarbeidet både på Lye (del av Time sokn) og på Undheim. 

Prostipresten vil i 60 %-delen av stillinga vera knytt til eit prosjekt som har som mål å byggje opp eit kyrkjeleg ungdomsarbeid i aldersgruppa 16-25 år i sokna Nærbø og Bryne. Det er utarbeidd ei prosjektskisse som gjev grunnlag og retning for arbeidet vidare. (Sjå eige dokument som ein kan få frå bispedømmekontoret eller prost.) Prosjektet vil vera eit samarbeid mellom sokna for å kunna veksla på treffpunkt og samlingar og skapa større miljø. Det skal etablerast ei arbeidsgruppe knytt til prosjektet med mandat til å forma og styra prosjektet undervegs. 
Den andre delen av stillinga i 40 % er knytt til Nærbø sokn og Hå fellesrådsområde, med oppgåver som går fram av den samla lista over arbeidsoppgåver du finn nedst her i utlysinga.  

Stillinga har eige kontor i Nærbø kyrkje, og det vil også vere mogleg å disponere kontorplass ved Time kyrkjekontor, der alle tilsette i sokna i Time fellesrådsområde har kontor. 

Les heile utlysingsteksten og søk på stillinga her.

Søknadsfrist er 14. oktober.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"