Ladstein er for tida i Bekkefaret, der han har vært barne- og familieprest sidan 2015 og sokneprestvikar det siste halve året.
– Eg gler meg til å verta kjent i kyrkjelydane, og finne ut kva draumar og håp folk har for vegen vidare. Eg håper å finne engasjerte folk som vil noko, seier Ladstein.
Han gler seg til å ta fatt på oppgåvene som ligg foran, og ynskjer å byggje vidare på relasjonen mellom kyrkje og bedehus.
– Fleire snakker varmt om naturen i Suldal, så eg har lyst til å ta med meg familien på fot-turer i området.
Ladstein har blant anna vært trusopplærar og klokkar på Finnøy, og er utdanna ved Misjonshøgskulen.