Gangen i seremonien

Ei gravferd i Den norske kyrkja er ei form for gudsteneste. Seremonien uttrykkjer det grunnleggjande i den kristne trua. Mennesket er skapt og elska av Gud. I gravferdsgudstenesta takkar vi for livet og overlét den døde i Gud sine hender.

Gangen i seremonien

Dei einskilde ledda, blant anna utsmykking, symbol og kransepålegging, må tilpassast den gudstenestelege karakteren. Den liturgiske fargen ved gravferd er fiolett, men det er vanleg å bruke mykje kvitt, både kvite blomster og kvit kiste. Andre fargar kan óg nyttast.

Gangen i seremonien
Gravferda startar med preludium (inngangsmusikk), salme, nokre innleiande ord  og ei bøn. Etter det framfører presten eller ein representant for dei pårørande minneord. I begge tilfelle vil det vere naturleg å kombinere informasjonen om den avdøde med forteljingar om kva den avdøde har hatt å seie for dei som stod han/ho nær. Etter minneorda er det også høve for andre korte helsingar, kransepålegging, opplesing og lystenning.

Etter minneorda er det gjerne ein salme eller eit musikkinnslag før presten eller den som står for gravferda les frå Bibelen og held ein kort tale ut frå skriftordet. Det blir så bedt ei bøn før alle ber Herrens bøn saman.

Før postludiet (utgangsmusikken) kan det vere eit musikkinnslag eller ein salme. Ved gravferder og ved sørgjehøgtider andre stader enn i krematoriet, blir kista boren ut under postludiet. Det er vanleg at representantar for den nærmaste familien eller vener av avdøde er med og ber kista.

Ved kistegravferd er det også skriftlesing ved grava før presten ber ei bøn og kista blir senka. Så følgjer jordpåkastinga. Deretter les presten eit ord frå Bibelen før han eller ho les velsigninga og alle syng ein salme. Ved bisettelse for kremasjon kan jordpåkastinga skje i kyrkja/kapellet. I krematoriet har ein nedsenking etter siste salmen, deretter følgjer jordpåkasting, skriftord, velsigning og salme.

Retning for sorga
Gravferda er viktig for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Saman med ei båreandakt og eventuelt det å stelle den døde, kan gravferda gi sørgjetida ein god start. Gravferda kan gi sorga ei retning kan omdanne sorga til ein ressurs i livet til den einskilde. Minneord, kransepålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gir dei som er med, høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Menighetene i Roan, Stoksund og Åfjord

Kirkekontoret i Åfjord er i bygget til Åfjord Regnskapskontor.
Inngang første etasje.

Kirkekontoret i Stoksund ligger i det gamle kommunelokalet ved Stoksund kirke. Inngang på tverrenden mot øst.

Kirkekontoret i Roan ligger i Roan kirke.

Kontoradresse: 

Åfjord:
Øvre Årnes 6 A, 7170 ÅFJORD

Stoksund:
Stokksundveien 1369, 7177 REVSNES

Roan:
Nordskjørveien 5, 7180 ROAN

E-post:  kirken@afjord.kirken.no

Åfjord:
Telefon (kirkeverge): 414 48 960  
Betjent kontortid:  
Tirsdag og torsdag 12-14

Kontoret er ofte betjent også utenom disse tidspunktene.

Avtale kan gjøres utenom oppsatt kontortid.

Stoksund:
Besøkstid: 
Mandag 12-14

Roan:
Besøkstid: 
Onsdag 10-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"