På fleire område har bryllupsparet moglegheit til å velja. Derfor bør prest/kantor og dei som skal viast starta planlegginga av kyrkjebryllaupet i god tid. Valmoglegheitene kan oppsummerast i åtte punkt:
1. Skriftlesingar
Det blir lista opp ei rekke forslag i ordninga for vigsel. I praksis står heile Bibelen til disposisjon for å finna tekstar som passar for det bryllaupet det gjeld. Kva skal lesast? Er det temaet som betyr noko spesielt for paret? Er det noko dei ønsker å legga spesiell vekt på?
2. Kven skal lese?
Medlemmer av bryllaupsfølgjet kan delta med skriftlesning. Kva ønsker paret? Skal bror eller søster lesa? Mor og/eller far? Forlovarane? Vener? Andre i familien? Eller vil paret helst at presten skal lese?
3. Ekteskapsløfta
Ekteskapsløfta kan inngåast på to måtar. Første valmoglegheit har to spørsmål til dei som skal viast. Andre valmoglegheit er at paret sjølv framfører ekteskapsløfta. Det skjer ved at begge gjentar etter presten: Eg tar deg (namnet) til ektefellen min. Eg vil elska og æra deg, og bli trufast hos deg i gode og vonde dagar inntil døden skil oss. Kva ønsker paret?
4. Ringar?
Det er mogleg å ta på ringa under seremonien. Om ein ønsker det, kan dei som skal viast leia overrekkinga av ringane ved sjølv å framsi følgjande etter presten: NN, eg gir deg denne ringen som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap. Evn seier innleier presten kun med orda: Gjev no kvarandre ringane som de skal bere til teikn på løfta de har gjeve kvarandre.
5. Forbøn for ekteparet
Paret kjem fram til alterringen og kneler under forbøna. Ein kan velje mellom to ulike forbøner. I tillegg kan det føyast til ei fritt formulert bøn som paret sjølv kan vere med å formulere. Her kan dei gi uttrykk for håpa og tankane sine om livet som ligg føre dei. Det blir òg gitt moglegheit til lystenning under forbøna. Her kan ein involvere til dømes søsken, foreldre, forlovarar eller vener.
6. Musikk/symbolhandlingar
Deltakarane i bryllaupsfølgjet og andre kan medverka med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. Det kan til dømes bli opna for element som understrekar den etniske bakgrunnen til paret. Der den eine part har ein annan kyrkjeleg tilhørighet enn Den norske kyrkja, kan det her blir opna for deltaking frå vedkommande kyrkjesamfunn. Enkeltelement i seremonien - som musikk, opplesning og andre innslag - skal utformast i samsvar med at eit kyrkjebryllaup er ei kyrkjeleg handling av gudstjenestelig karakter.
7. Bryllaupsmesse
I Den romersk-katolske kyrkje blir alltid feira eit kyrkjebryllaup som ein messa, dvs. at det inngår nattverd i kyrkjebryllaupet. Dette er også mogleg i Den norske kyrkja.
8. Prosesjon
Vil paret gå inn saman? Skal det vera med brudepiker og brudesvenner? I rettleiinga til ordninga for vigsel heiter det: Dersom det er ønskeleg, kan dei som skal viast, éin eller begge, forlovarar, representant(ar) for familiane, liturg (dvs. prest) og andre gå inn i kyrkja i prosesjon.