Gudstenester gjennom konfirmantåret

I løpet av konfirmantåret skal kvar konfirmant delta i minst 8 gudstenester. Les meir om desse her.

Gudstenester gjennom konfirmantåret

Konfirmantane i Ørsta sokn skal delta i desse 8 gudstenestene:

1 presentasjonsgudsteneste i september

1 gudsteneste på konfirmantleir

1 gudsteneste der ein hjelper til med ulike oppgåver

(Meir informasjon kjem etter informasjonsmøtet i august. Kvar konfirmant vert sett opp på ein bestemt søndag, og må sjølve byte om søndagen ikkje høver. Vi byrjar med dette etter haustferien)

4 gudstenester ein vel sjølv (minst fire; ein kan sjølvsagt kome på fleire!)

1 konfirmasjonsgudsteneste i mai

 

Dei fire gudstenestene du vel sjølv, kan vere i Ørsta kyrkje eller i andre kyrkjer. Når du går til gudsteneste i Ørsta, må du hugse å registrere deg framme i kyrkja etter gudstenesta. Dersom du går i ei anna kyrkje, kan du få med ei stadfesting/signatur frå presten som leia gudstenesta. Det er lurt å komme i gang med å gå til gudsteneste tidleg i konfirmantåret! Kanskje kan det vere kjekt å få med seg nokre gudstenester i høgtidene, slik som i jula og påska?

 

Konfirmantane i Vartdal sokn skal delta i desse 8 gudstenestene:

1 presentasjonsgudsteneste i september

1 lysmesse 1.desember

1 gudsteneste på konfirmantleir

1 gudsteneste der ein hjelper til med ulike oppgåver

(Meir informasjon kjem etter informasjonsmøtet i august. Kvar konfirmant vert sett opp på ein bestemt søndag, og må sjølve byte om søndagen ikkje høver. Vi byrjar med dette etter haustferien)

3 gudstenester ein vel sjølv (minst tre; ein kan sjølvsagt kome på fleire!)

1 konfirmasjonsgudsteneste i april.

Dei fire gudstenestene du vel sjølv, kan vere i Vartdal kyrkje eller i andre kyrkjer. Når du går til gudsteneste på Vartdal må du hugse å registrere deg framme i kyrkja etter gudstenesta. Dersom du går i ei anna kyrkje, kan du få med ei stadfesting/signatur frå presten som leia gudstenesta. Det er lurt å komme i gang med å gå til gudsteneste tidleg i konfirmantåret! Kanskje kan det vere kjekt å få med seg nokre gudstenester i høgtidene, slik som i jula og påska?

 

Konfirmantane i Hjørundfjord sokn skal delta i desse 8 gudstenestene:

1 presentasjonsgudsteneste i september

1 lysmesse 8.desember

1 gudsteneste på konfirmantleir

4 gudsteneste der ein hjelper til med ulike oppgåver

(Meir informasjon kjem etter informasjonsmøtet i august. Kvar konfirmant vert sett opp på bestemte søndagar, og må sjølve byte om søndagen ikkje høver. Vi byrjar med dette etter haustferien)

1 konfirmasjonsgudsteneste i mai

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"