Søndag 15. juni klokka 1100 vert det festspelgudstenste i uteamfiet i Aasentunet. Preses Olav Fykse Tveit preiker, festspeldiktar Marit Kaldhol, Vokalgruppa SAMS og Ørsta kyrkjekor tek del. Sokneprest Arne Moltubak er liturg og kantor Marie Austrheim er musikalsk ansvarleg. Vi skal mellom anna få synge "No kjem den vene våren" frå Nynorsk salmebok.
Søndag kveld klokka 1930 held programmet fram med ein flott salmekveld i Volda kyrkje. Denne vert arrangert i samarbeid med både Volda sokn, Festspela og Norsk hymnologisk forening. Vi vil få høyre både Ørsta og Volda kyrkjekor, med Marie Austrheim Riise, Bert Handrick, Morten Bollerud, John Inge Bjøringsøy, Ragnhild Engeset og Karen Rosenberg Olsen. Sokneprest Per Kristian Sætre vil leie kvelden.
Mandag 16.juni vert det fagdag med tittelen: "Salmar og språk". Her vert det fleire interessante foredrag av Per Halse, Jan Inge Sørbø, Anders Aschim og Ingrid Brækken Melve. Vi får og vere med på nynorsk salmesong med Magnar Åm i Volda kyrkje. Er du gla i salmar og interessert i nynorsk språk? Då er dette noko for deg! Til denne dagen er det førehandspåmelding og dette kan gjerast her innan 10. juni.
Ta kontakt med Per Halse eller kantor Marie Austrheim Riise for meir informasjon. .