Matprat med graut på Ørsta bedehus

Komande laurdag, 21.september kl 15, kan du ete laurdagsgraut saman med andre på Ørsta bedehus. Meld deg på i dag!

Graut er godt!

Matprat er eit samarbeid mellom Ørsta sokn og Ørsta indremisjon. Nokre laurdagar i haust inviterer vi til mat og fellesskap i kjellaren på bedehuset. Denne gongen serverer vi graut, saft og kaffi.

Laurdagsgrauten kjem på bordet kl 15, og det vert god tid til å prate i lag rundt borda. Målet er at dette skal vere samlingar for alle generasjonar, med plass til både små og store.

For å berekne kor mykje graut vi skal ordne til, treng vi påmelding på SMS til 905 95 410 innan laurdag kl 12!

Denne gongen held Olav Eikemo andakt. Eikemo er forkynnar i Indremisjonen, og er i Ørsta for å delta på møter på bedehuset same helg.

Velkommen til måltid og fellesskap!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"