Vårkonsert med Ørsta kyrkjekor 25.mai

Søndag 25.mai kl.18.00 inviterer Ørsta kyrkjekor til vårkonsert i Ørsta kyrkje. Publikum kan sjå fram mot ein konsert med eit svært flott repertoar og fleire urframføringar av nyskriven musikk.

Publisert:

Vårkonsert med Ørsta kyrkjekor 25.mai

Med oss på konserten har vi sopran Karen Rosenberg Olsen, pianist John Inge Bjøringsøy og fiolinist Leiv Arne Nydal.
 
I 2025 er det 100 år sidan nynorsk salmebok vart gjeve ut, noko vi
også markerer i denne konserten. Kantor og dirigent Marie Austrheim Riise
har funne fram to salmetekster frå Nynorsk salmebok: Anders Hovden sin
vakre salme «Di rettferd er min bunad» og Ragna Rytter si poetiske tekst «Kvi
skjelv kvart lauvblad», begge i ny drakt og nye tonar av Marie. Det vert altså
urframføring av heile fire musikkstykker i Ørsta kyrkje denne kvelden: vi får
høyre ein bibelsk salme og eit heilt nyskrive Kyrie for kor, piano og sopran,
begge komponert av Marie. Vidare vil vi framføre ein flunkande ny salme av
Hans-Olav Mørk og Marie Austrheim Riise: «Å leva slik ein sommerdag» der
også publikum får vere med å syngje! Marie og Hans-Olav har siste tida
samarbeidd om fleire nyskrivne salmar, og denne kvelden får vi altså høyre
ein av desse.
 
Svært flott blir det også å høyre sopran Karen Rosenberg
Olsen som solist på fleire av urframføringane. Karen er klassisk sangerinne
og songpedagog med utdanning frå Barrat Due Musikkinstitutt og Norges
Musikkhøgskule. Ho er tilsett som høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i
Volda og arbeider også som freelancemusikar og er solist på mange
konsertar og oppsetjingar, sist som solist på Mozarts requiem i Volda kyrkje.
Karen og Marie har har samarbeidd og spelt i lag i over 30 år.
 
Leiv Arne Nydal er opphavleg frå Volda, men busatt på Hareid. Han er ein mykje nytta
fiolinist på sunnmøre og har sine røter i norsk folkemusikk og har vore
spelemann i A-klassa sidan landskappleiken i Oslo i 1981. Leiv Arne og
Marie har hatt eit fruktbart samarbeid dei siste åra og spelt mykje i lag på
ulike konsertar og tilstellingar. Leiv Arne og Marie vil også ha ei soloavdeling
der publikum kan gle seg til vakre tonar.
 
Vi ynskjer hjarteleg velkomne til ein flott konsert med nye tonar og vakre vårsongar.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"