Å gifte seg er ei stor hending og mange vil gjerne dele bryllaupsdagen sin med flest mogleg, planlegge i god tid og lage stor fest. Det er fint. Andre har behov for noko litt mindre. Færre gjestar, mindre merksemd, færre utgifter og mindre styr. Det er også fint!
Uansett korleis ein vel å gjere det handlar det om å gi kvarandre eit løfte om livslang truskap og kjærleik og få legge samlivet sitt framfor Gud i bøn.
I kyrkjene i Ørsta er det mogleg å gifte seg heile året og med akkurat så stor fest og mange gjestar du måtte ønske. Så lenge du har gyldig prøvingsattest frå folkeregisteret, ein å gifte deg med og to vitne er vi klare på relativt kort varsel.