Av Knut Kvalsvik
Bøneveka for kristen einskap kjem om igjen kvart år, og er ei oppfordring til oss alle om å vere med og be for einskap, slik Jesus sjølv ba om:
«Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.» (Johannes 17,11)
Det er opp til kvar enkelt kor mykje ein vil gjere ut av dette.
- Det kan handle om at ein hugsar på dette som eit tema og ber for det på sin eigen måte kvar dag i perioda 18.–25. januar.
- Ein kan også bruke eit ferdig utarbeidd opplegg for kvar dag med bibeltekstar, refleksjon og spørsmål å grunne over, og ei ferdiglaga bøn. Dette kan lastast ned frå sidene til Norges Kristne Råd.
- Eventuelt kan ein be kvar dag med bøna som er gjeva lenger nede.
På gudstenesta vår i St Markus kyrkje 18. januar vil vi markere starten på denne bøneveka.
Kva kan kristen einskap vere?
Kristen einskap kan neppe bestå i at vi vert einige i diverse trusspørsmål. Kristne har alltid sett ulikt på ting, og i vår tid er det kanskje eit større mylder enn nokon gong av ulike forståingar når det gjeld ei lang rekkje trusspørsmål. Alt tyder på at sånn må det fortsetje å vere. Kristen einskap kan ikkje bestå i eit eins syn, men må vere ein einskap i mangfald, «usemjas fellesskap» som nokon har uttrykt det.
Det synest heller ikkje realistisk at vi kan samlast i eitt kyrkjesamfunn. I dag finst det også eit mylder av forskjellige kyrkjesamfunn og forsamlingar, og spriket mellom dei er stort.
Einskap må heller handle om korleis vi handterer usemja og ulikskapane oss imellom. At vi kan gjere dette på ein god måte. At vi kan la vere å hakke på kvarandre og motarbeide kvarandre, men anerkjenne kvarandre som sysken i trua.
Kva har vi felles som kristne? Vi har Jesus felles, ikkje som ei trussetning som vi er samde om, men som Guds Son som vi har opna oss opp for då han sto for døra og banka (Johannes' openberring 3,20) og invitert inn i våre liv. Om vi kan sjå andre kristne som menneske som har gjort det same, enten dei tilhøyrer vårt eige eller eit anna kyrkjesamfunn, om vi kan sjå Kristus i kvarandre, då er mykje vunne.
Arbeid for kristen einskap
Mange kristne over heile verda arbeider for å fremje kristen einskap. Eg nemner særleg to organisasjonar:
- Norges Kristne Råd samlar ei rekkkje norske kyrkjesamfunn og forsamlingar under ein paraply, sjå deira nettsider: norgeskristnerad.no.
- På verdensbasis er World Council of Churches, Kyrkjene sitt Verdensråd, ein slik paraply-organisasjon som arbeider for større forståing mellom ulike kyrkjesamfunn: www.oikoumene.org.
Det kan vere ein god idé å innlemme desse organsiasjonane i si forbøn.
Muleg bøn
Om ein ikkje vil be si eiga sjølv-formulerte bøn, og ikkje bruke opplegget frå Norges Kristne Råd (som igjen kjem frå Kyrkjene sitt Verdensråd), så kan ein be denne bøna:
Kjære Gud,
skap einskap mellom kristne.
Gje oss meir av ditt sinnelag,
så vi ser Kristus i kvarandre.
Lær oss å stå saman trass i ulike syn,
tale vel om kvarandre
og samarbeide når dette er ynskjeleg og muleg.
Velsign dei som arbeider for einskap
og større forståing mellom kristne.
Amen
