Miskunnsame Gud, 
Vi er langt borte frå Gaza, 
frå palestinarane som blir drepne og svelt, og israelske gissel og offer.
Men vi er bundne saman i menneskeverdet du skapte oss med,
og sørgjer og fortvilar over håpløysa syskena våre opplever. 
Vi bed: Hjelp at vi ikkje mistar motet i kampen for dei som lid, 
og ikkje blir freista til å forlata vegane som kan opna for fred og rettferd.
Rettferds Gud, gje visdom til statsleiarar og politikarar 
og vilje til å finna løysingar som tek vare på dei svakaste. 
Vi bed om at alle partar må leggja ned våpna,
at borna i Gaza igjen kan få sova trygt i oppattbygde hus og med mette magar,
at gissela blir frigjevne, 
og at folka i Midtausten får ei trygg framtid.
Himmelske Far, miskunn deg over palestinarar og israelarar 
og lei dei og oss med din kjærleik på vegen til forsoning og varig fred. Amen.
