Borna vert invitert til ulike trusopplæringstiltak for å bli kjent med kyrkja - frå høgt til lågt - gjennom lydar, kunst, rørsle og handling. Det vil f.eks verta. lystenning, rebusvandring, symboljakt og tårnvandring og ikkje minst overnatting i kyrkja.
Det skal væra rom både for moro og alvor.
I kyrkja vert boirna invitert til å undra seg over tilvære, det heilage, og møte ein skapande og leikende Gud.
I kyrkja skal det væra rom for å finna fram til ei tru og få ein tryggleik om at kyrkjedørene vil være opne gjennom heile livet – kva som enn skjer.