Før vi kan invitere til gudsteneste i di kyrkje, så må vi lage gode rutiner og lære opp fleire frivillige kyrkjetenarar i dei strenge smittevern-reglane.
Sidan vi kan samle maks 50 personar i kyrkja med 1 meter avstand, så må vi ha tid på oss til å informere ut korleis dette organiserast.
Difor vil vi sende ut informasjon når kyrkja di vert opna for neste gudsteneste, både på nett og ved kunngjeringar i aviser.
Så kyrkjene i Storfjorden vert ikkje opna for gudstenester den 10. mai eller 17.mai.
Det vert lagt ut gudstenesteopptak desse søndagane på nettsidene våre.