Gudstenester i kyrkjene igjen

No har vi høve til å samle 50 personar til gudsteneste når vi kan halde 1 meter avstand til kvarandre. Dette får vi til i alle kyrkjene utanom Liabygda kyrkje, som har plass til 40 personar med 1-meter-regelen.

Første gudsteneste vert i Liabygda kyrkje på Kristi himmelfartsdag kl 11.00. Så i Sylte kyrkje søndag 24.05. kl. 11.

I pinsehøgtida vert det gudsteneste i alle kyrkjene slik det var planlagt før koronapandemien. Du finn tidspunkt på nettsidene til kyrkjelydane.

For å kunne opne kyrkjene til gudsteneste igjen, så må vi fylje fastsette smitteverntiltak, og i tillegg har vi krav på oss å registrere kven som kjem til kyrkja. Dette for å hjelpe helsemyndigheter med eventuell smittesporing. Namnelister vert handsama konfidensielt og oppbevart i 10 dagar.

Sjølvom besøket i kyrkja vert annleis enn før, så vil innhaldet i gudstenesta vere kjent og like viktig som før.

Velkomen til gudsteneste i kyrkjene våre!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"