Alle konfirmasjonsgudstenestene i Storfjorden kyrkjelege fellesråd som er planlagde våren 2020 vert utsett til hausten 2020.
Tidspunkt kjem vi tilbake til, for vi treng enno meir tid for å vite når det kan haldast.
Dette er ein særs rar situasjon vi er komne i i desse korona-tider, og kan ikkje gjere anna frå kyrkja si side enn å beklage at vi må utsetje konfirmasjonane.
Med å utsetje til hausten så vonar vi at konfirmantane med familiar får halde den konfirmasjonsfesten som de i utgangspunktet hadde tenkt.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.