Nattverd

Nattverd

Kvelden før Jesus vart krossfesta, var han saman med sine læresveinar. Dei åt eit godt måltid og snakka saman. Under dette måltidet starta Jesus tradisjonen med nattverd: Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! For dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. (Matt 26, 26-28)

I Ulstein sokn inneheld dei fleste av gudstenestene feiring av nattverd, og nattverdsmåltidet er sentralt i den kristne gudstenesta. Kvar gong vi feirar nattverd, blir desse orda frå Matteus 26 sagt! Kyrkja har teken på alvor dei lovnadane og den beskjeden Jesus gav. Difor har det å feire nattverd saman vore viktig for kristne gjennom to tusen år. Vi gjentek dei orda Jesus sa, og trur at når vi feirar nattverd saman, gjeld Jesu ord framleis. Difor er det ikkje berre brød og vin vi får i nattverden, men Jesu eige kropp og eige blod.

Alle er velkommen til å ta imot nattverd under gudsteneste i Den norske kyrkje. Nattverdselementa i Ulstein sokn er glutenfritt brød og alkoholfri vin.

Born er også velkomne til å komme og teke imot nattverd, men vi vil då anbefale føresette å ha snakka med sine born om nattverden i forkant.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"