1. oktober Hausttakkefest kl 11:00 i Ulstein kyrkje.
Det er skaparverket sin dag. Det blir song, takk og glede, men og noko å tenkje på! Korklubben syng. 2. klassingane skal og fram. Alle som vil kan ta med ei korg med frukt/grønsaker og bli med i prosesjonen inn. Møt opp 5 minutt før i våpenhuset.
Etter gudstenesta fest i parken! Då deler vi av frukta og grønsakene som vi hadde med i kyrkja. Det serverast saft, kaffi og te. Det blir og litt aktivitetar å halde på med for dei som ynskjer det. Gudstenesta blir oppunder ein time. Og skal vi tru på YR vermeldinga, så vil sola skinne frå klokka tolv!
bilder frå hausttakkefesten i fjor



